Krohn-seminaret: Gunnar Yttri om utbygginga av småkraftverk

Tid: Fredag 2. mars kl 10.15-11.30
Stad: Stort møterom, Fossbygget 1. høgda, Sogndal

Gunnar Yttri: Lokal von, global ambisjon. Utbygginga av småkraftverk i Noreg med særskilt blikk på Sogn og Fjordane

Yttri presenterer utkast til ein artikkel som vil bli kommentert og drøfta.

Om temaet: Ved moderniseringa og industrialiseringa på 1900-talet vart Noreg ein av verdas største produsentar av elektrisitet frå vasskraft. Etter tusenårsskiftet er det utbygginga av fleire hundre småkraftverk som har bidrege til auken i vasskraft-produksjonen. Det er ei utbygging som har vore motivert av både klimapolitikk og nærings- og distriktspolitikk. Til liks med dei kraftutbyggingane på 1900-talet har småkraftsatsinga vore omfatta av stor politisk merksemd og offentleg regulering, med viktige og kontinuerlege tilpassingar. Tilpassingane har på ulikt vis sikta mot å ta omsyn til både vekst i produksjonen av fornyeleg energi og vern av natur. Eit spekter av interesser har teke del. Viktig mellom desse er bønder og grunneigarar, norske tradisjonelle lokale og nasjonale kraftselskap, og nye kommersielle selskap oppretta på 2000-talet for å ta del i småkraft-satsinga. Samstundes som store norske offentleg eigde kraftselskap har trekt seg ut av småkraft dei siste åra, har utanlandsk kapital fatta interesse og gjort store oppkjøp.  Seminarinnlegget vil gjera greie for hovudliner i den utviklinga som har vore. Kva har vore drivkrefter? Sogn og Fjordane vert særleg sett under lupa. Fylket har det største potensialet for småkraft i landet og omfanget av utbyggingar har vore og er framleis stort. Kva har kjenneteikna satsinga i Sogn og Fjordane? Gjer annleisfylket seg gjeldande eller følgjer utbygginga av småkraftverk dei same liner heile i landet?

Innlegget byggjer på eit delprosjekt frå NFR-prosjektet RELEASE ved Høgskulen på Vestlandet. Forskar Gunnar Yttri er tilsett ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, HVL.

Teksten som skal drøftast, blir send ut til kollegaer som vil delta på seminaret – kontakt gunnar.yttri@hvl.no.

Om Krohn-seminaret

Krohn-seminaret er frå mars 2018 det nye forskingsseminaret for dei samfunnsfaglege miljøa ved HVL-Sogndal. Seminaret spring ut av miljøa som høyrer til Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap i Sogndal, men er ope for alle interesserte ved HVL og Vestlandsforsking. Her blir forskingsprosjekt og publikasjonar under arbeid lagde fram til kollegial drøfting.  Seminaret vil bli halde 3-5 gonger kvart semester. Kontakt oddmund.hoel@hvl.no om du har ein tekst eller eit prosjekt du ynskjer å leggja fram på seminaret.

– Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

Artikkelen er skriven av Katrine Sele, kommunikasjonsrådgjevar, HVL og Lillian Bruland Selseng, førsteamenuensis ved institutt for velferd og deltaking, HVL

Det at alkohol berre er eit problem for dei få av oss som blir avhengige, er ein myte, meiner forskar.

Les mer

150-årsdag

I dag er det 150 år sidan hendinga som gjorde Henrik Krohn så kjend at det var aktuelt å kalle opp krohnargument etter han. Den 21. januar 1868 vart Vestmannalaget i Bergen skipa som det fyrste mållaget i landet. Krohn var initiativtakar og fyrste formann, og han hadde i fleire år vore heilt sentral i det veksande målmiljøet i Bergen. Det vart skipa nokre små mållag i Kristiania, Bergen og Trondheim tidleg i 1860-åra, men dei fekk eit kort liv. Vestmannalaget (januar) og Det norske Samlaget i hovudstaden (mars) vart derimot raskt både aktive og sterke lag som har halde seg i live til i dag, og det er grunnen til at 1868 vert rekna som startåret for den organiserte målrørsla.

Krohn si tilknyting til Sogndal er like gamal som Vestmannalaget. Kjøpmannen i Bergen kjøpte i 1868 fyrstikkfabrikken på Foss i lag med ingeniør M.H. Krog, og dei dreiv fabrikken dei åra han var på sitt største (og truleg på sitt mest helseskadelege) med 114 arbeidstakarar i alle aldrar. Fyrstikkfabrikken låg på tomta der Fossbygget til høgskulen, altså heimen til Krohnargument, ligg i dag. Krohn kjøpte i 1873 Stedje i Sogndal og bygde det karakteristiske tårnet på hovudbygningen.

Krohn var ein mangslungen kar – språkmann, forfattar, organisator, handelsmann, fabrikkeigar og etter kvart også ein interessert gardeigar på Stedje. Det er likevel skipinga av Vestmannalaget for 150 år sidan som har gjeve han ein plass i norsk kulturhistorie. Han døydde i 1879, 53 år gamal.

Henrik Krohn-plassen sundag 21. januar.