Modernisering i kjølvatnet til amtsdampskipa

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

D/S Hornelen. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Forfattar: Oddmund Hoel

Frygtelig Dødsmaade. Fra Næsse i Kvamsø Sogn ved Sognefjorden berettes B. Afbl. at da Dampskibet «Hornelen» den 28de Oktober skulde lægge til ved Stoppestedets Brygge hændte følgende skrækkelige Tildragelse.

Her saavel som ved, man kan gjerne sige, hvert Dampskibsstoppested er det Regel, at før Skibet lægger til Bryggen styrter mange Personer Hals over Hoved ombord, dels for at tilbyde sin Hjælp som Bærere, dels for at hilse paa og tale med Kjendinger, og springer saaledes fra Bryggen ombord. Paa ovennævnte Sted var dette ogsaa Tilfældet, og tvende Personer kom ombord, men den tredie, en ca 20 Aar gammel Gut fra Bøfjord, faldt mellem Skibet og Bryggen. Da han saa sin fortvivlede Stilling, vilde han krybe ud mellem Pælerne, men naaede ikke saa langt, for Skibet pressede ham sønder og sammen.

Gutten levede ca. 2 Timer og udaandede da; han var efter Ulykken ved sin fulde Bevisthed. Dampskibet «Framnæs» førte hans Lig i Fredags hjem til hans sørgende Slægt, der bor i Bøfjord.

Skulde ikke dette Tilfælde tages som en alvorlig Advarsel og tillige fra Dampskibenes Direktioner bevirke en alvorlig Tilsigelse til Kapteiner og Styrmænd om at paase, at denne Uskik med Ombordspringen afskaffes.

Denne triste notisen kom eg over i «Nordre Bergenhus Amtstidende» for 14.11.1890. Vanlagnaden til den 21 år gamle tenaren Johannes Anfindsen vart usentimentalt notert i kyrkjeboka for Bø sokn i Hyllestad i samband med gravferda 4. november: «Omkom ved at knuses mellem Dampskibet og Bryggen i Næsse, Vik.»

Det mest interessante i avisnotisen er setninga om at det er vanleg at mange personar på dampskipsanløpa styrtar om bord for å tilby seg å bere bagasjen. Det fyrste eg kom til å tenkje på, var tilsvarande opplevingar på stader som flyplassen i Kairo og jarnbanestasjonen i Luxor i Egypt.

Ulukka på Nesse skjedde i ei sterk brytningstid i Sogn og Fjordane, som i Noreg elles. Ferdsla ut og inn av det pengefattige fylket hadde gjennom eit par tiår teke seg kraftig opp, særleg på grunn av selskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane) som sidan 1858 hadde fått i gang faste dampskipsruter mellom Bergen og Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Varer frå eit sterkt aukande salsjordbruk kunne sendast billegare og raskare til hovudmarknaden Bergen, det vart meir overkomeleg for folk i fylket å reise på bergenshandel, og varer, turistar og andre ferdafolk kom i aukande grad til fylket.

Stortinget si liberalisering av handelsverksemda midt på 1800-talet kombinert med betre og billegare varetransport skapte ei sterk interesse for handel. I 1884 klaga amtmann Carl Oppen over at «Den yngre mandlige Del af Sogns Befolkning optages af alskens Smaahandel i en Udstrækning, som neppe staar i Forhold til Handelens Betydenhed.» Men landhandlane grodde opp som paddehattar, særleg på dampskipskaiane, og den landhandlaren som samstundes sikra seg avtale med amtsbåtane om å vere dampskipsekspeditør, hadde verkeleg gjort det godt.

Gjennom dei stadig fleire landhandlaren og skreppehandlarane kom byvarer inn til bygdene. Det var ikkje noko nytt i seg sjølv, men omfanget var nytt. I den legendariske artikkelen «Det store hamskiftet i bondesamfunnet» skriv historikaren og forfattaren Inge Krokann om at folk gjennom dei nye kommunikasjonsårene fekk «den fyrste pust av byen, både i mål og klede og fakter».

Med dampskipsferdsla følgde både ei økonomisk og ei kulturell modernisering. Dei strenge kulturelle kodane i det bondesamfunnet vart sette under press. Bygdene i Sogn, som andre stader, var rike på detaljerte uskrivne reglar om korleis ting skulle føregå, anten det var fødslar, giftarmål, matstyren til jul, kven som sat kvar i kyrkja, dei faste prosedyrane kring slåtten i små bratte teigar før utskiftinga eller rituala kring sjøsetjinga av jekta før vårfrumesse (25. mars).

Kring ombordstiginga på dampskipa fanst ingen faste ritual – dei måtte dampskipsekspeditørane, båtmannskapa og direksjonen finne opp og prøve å få innarbeidd. Den ulukkelege tenaren Johannes Anfindsen som sprang hals over houvdet på fjorden og vart knust, symboliserer i denne samanhengen ikkje berre ein freistnad på å tene ein slant i den nye pengeøkonomien, men òg det store oppbrotet med dei faste rituala i møtet med nye kulturelle impulsar og samhandlingsmønster.

Kjelder og litteratur

Nordre Bergenhus Amtstidende, 14.11.1890. [Digital utgåve]
Digitalarkivet, Ministerialbok for Bø i Hyllestad (1886-1904), oppslag 69.
Beretninger om amternes økonomiske tilstand i femaaret 1876-1880. Andet bind (Søndre Bergenhus-Finmarken). (1884). Norges Officielle Statistik C. No. 2. Kristiania: Det statistiske centralbureau.
Førsund, Finn Borgen. (1998). Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag.
Krokann, Inge. (1942). Det store hamskiftet i bondesamfunnet. I Anders Bugge og Sverre Steen (red.), Norsk kulturhistorie. Billeder av folkets dagligliv gjennem årtusener (Bd. 5, s. 100-194). Oslo: Cappelen.
Stensaker, Asbjørn. (1958). Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. Førde.