Velkommen til «Krohnargument»

Forfattar: Anne-Grethe Naustdal

Etter vel to månadar som dekan ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, er eg klar for å skrive mitt fyrste blogginnlegg. Nyoppretta blogg for avdelinga. Ei god kjensle.

Når eg begynte å arbeide ved avdelinga i august 2013 oppdaga eg raskt at eg var komt til eit godt og arbeidsamt fagleg fellesskap. Eg trivst godt her og bakgrunnen min for å ville leie avdelinga er eit ynskje om å bidra til å utvikle avdelinga og høgskulen vidare. Her er det tilsette som kvar for seg og i fellesskap gjer eit godt og verdifullt arbeid. Det at avdelinga har alle tilsette samla her på Fossbygget gjev oss ein ekstra gevinst for fagleg arbeid.
Vi har både god studentrekruttering og gjennomstrøyming og ein FoU-produksjon/publisering som ser ut til å vere på rett veg. Eg må berre seie at eg får ei heilt spesiell kjensle når eg går opp mot Fossbygget her om morgonane og låser meg inn i dette flotte bygget – tenk her er eit bygg med nær 70 særs kompetente faglege og administrative tilsette og nær 1100 studentar som utgjer framtida vår og her er eg leiar. Eg er audmjuk for oppgåva.

Stort fagmiljø

Avdelinga har tre institutt som til saman har ansvar for 9 bachelorutdanningar, ei masterutdanning + 5 årsstudium og fleire vidareutdanningar. Dei tre institutta har kvar sin instituttleiar, Unni Aasen er instituttleiar ved Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie (IBSV). Grete Netteland er instituttleiar for Institutt for samfunnsvitskap (ISVv) og Leif Longvanes er instituttleiar for Institutt for økonomi og administrasjon (IØA).

F.v. Leif Longvanes, Grete Netteland og Unni Aasen.

F.v. Leif Longvanes, Grete Netteland og Unni Aasen.

Dei tre instituttleiarane har til saman ansvar for eit spekter av ulike fagretningar. Her finn ein både jus-, eigedomsmeklings- , reiselivs-, økonomi og administrasjons – og bedriftsøkonomiutdanning, historie- samfunnsfag- og sosiologiutdanning og sosionom-, vernepleie- og barnevernsutdanning.

Forskingsaktivitet

Avdelinga har to tverrgåande profilområde for forskings- og utviklingsarbeid; Regional nærings- og samfunnsutvikling og Velferdsstatens tenester. Profilområda gjer det tydeleg både i høgskulen og i samarbeid med eksterne partar kva som er avdelingas felles kompetanse innanfor forskings- og utviklingsarbeid, men vi kan sjølvsagt bli enda betre på å formidle dette. Som dekan håpar eg mange fagtilsette no også vil bruke bloggen «krohnargument» som formidlingskanal.

Kommunikasjon og dialog

For meg som leiar er god kommunikasjon og medverknad heilt sentralt. Skal ein få tilsette til å utvikle nærheit til organisasjonen sine overordna strategiar og mål er god kommunikasjon nøkkelen. Ny teknologi og digitalisering opnar for stadig fleire møteplassar for kommunikasjon og dialog, noko som medføre større krav til informasjon, til openheit og raskare responstid. Denne bloggen håpar eg kan utvikle seg til å bli ein av arenaene for å bidra til god kommunikasjon både internt og eksternt. Ikkje minst håpar vi å også nå og engasjere studentane. Vi hadde møte med studentrådet i førre veke og ideen om blogg vart godt motteke av alle dei tre flotte studentrepresentantane;

SAMSUNG DIGITAL CAMERA

f.v Mats Simonsen Jahn, Lene Fauskanger og Lars Syrstad

Mats Simonsen Jahn , Lene Fauskanger og Lars Syrstad. All den kunnskapen folk her på avdelinga sit med må mange fleire ta del i og eg ynskjer å gjere mitt for at vi skal nå betre ut med alt vi har å by på. Håpar bloggen kan utvikle seg til å bli den aktive kanalen for formidling som eg ser føre meg og at den etter kvart vil få lesarar som både vil orientere seg og kanskje også delta i ein debatt. No er vi i alle fall i gang…

3 replies
    • Anne-Grethe Naustdal
      Anne-Grethe Naustdal says:

      Tusen takk! Så kjekt med tilbakemelding. Håpar du vil halde fram med å fylgje «krohnargument». Vi skal nok formidle mykje spennande stoff her framover.

      Helsing Anne-Grethe Naustdal

Comments are closed.