Det gode blikket og den blinde flekken

Forfattar: Gunnar Yttri

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok i november at høgskulen skal halda fram som sjølvstendig institusjon. Sjølvstendelinja er meisla ut i ein open og grundig prosess. Men kunnskapsminister Torbjørn Røed Isaksen er ikkje nøgd. Statsråden vil teikna eit nytt Noregskart for høgare utdanning og forsking med færre og større einingar. Kartet skal leggjast fram i ei melding til Stortinget til våren. Høgskulane på Vestlandet gir ikkje det kartgrunnlaget statstråden ønskjer.

”Blir man ikkje sett, er man ingenting”, syng Magnus Grønneberg (CC Cowboys) i ein moderne norsk pop-klassikar. Det gjeld i livet, det gjeld i det moderne arbeidslivet og det gjeld til dei grader på dei ulike nivåa i akademia. Dugande medarbeidarar som legg ned stor innsats i arbeidet sitt, forventar å verta sett av leiinga, og ikkje berre sett, men tekne med på råd og lytta til. Det er ein stor styrke for eit fagmiljø om ein har ei leiing som ser og lyttar, og som kan forløysa gode og skapande krefter. Det byggjer tillit og lojalitet, der den einskilde få utfalda seg samstundes som det rår ei forståing av at me får til noko større i lag enn det kvar einskild av oss kan gjera åleine. Den einskilde læraren og forskaren er krafta.

Å sjå godt og ansvarleg i høgare utdanning og forsking må handla om meir enn å sjå det som enkelt kan teljast her og no. Blikket må også fanga opp dei større samanhengane institusjonane inngår i, realitetane bak tala og også så langt råd er sjå kva som skal til for å realisera potensialet for framtida. Det same blikket må også fanga opp eventuelle faresignal og risiko. Stundom kan ein vera redd for å verta for patriotisk, sjølvgod og sjølvnøgd, og for lite kritisk til eigne prestasjonar. Høgskulestyret har kritisk vurdert ulike alternativ og scenario. Eksterne styrerepresentantar saman med rektor Åse Løkeland med lang fartstid utanfor høgskulen og fylket, gir styrke til fatta vedtak.

Sjølvsagt vil det vera ulike meiningar, også i høgskulen, om kva som gagnar høgare utdanning og forsking i regionen best. Dei offentleg tilgjengelege høyringsutsegnene speglar dette. Sjølvstendelinja står støtt på drøftingar i fagmiljø, administrasjon, organisasjonar og leiing. Ein høgskule eller eit universitet utan meiningsbryting er uansett lite verd. Jakta på dei beste argumenta må aldri ta slutt. Det er eit kriseteikn når semja er for stor og ganglaget byrjar å minna om marsj, dette anten miljøa er store eller småe.

 

HSF Eksteriør 2 stort til nettet test

hogskulebygget-førde webredigert stort

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Veka før jul er Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) kalla inn til møte med statsråd Torbjørn Røe Isaksen. Andre høgskular på Vestlandet har også fått møteinnkalling. Høgskulen i Molde, Høgskulen i Ålesund, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Bergen har heller ikkje gitt statsråden dei ønskte svara. Fleire ønskjer sjølvstende, fleire skisserer ulike fusjonsalternativ.

Ein god kamerat jamførte Kunnskapsdepartementets innkalling av vestlandshøgskulane, med korleis mor hans hadde oppdrege han som gutunge. Når han var for frekk og utidig i munnbruken, fekk han ei åtvaring av mor. Men han fekk også høve til å retta opp att feilen. Om han derimot våga å gjenta munnbruken var han sporenstreks sendt på rommet sitt og med klar melding om at han kunne sjå vekk frå all leik og moro med andre ungar til han hadde bedt mor fint om orsaking. Om han so berre bad om orsaking på rette måten, kunne han smelta hjarta til mor og det kunne vanka både leik, moro og godsaker. Det var nok ein god skule. I alle fall gav det varige barndomsminne, om ikkje varige resultat. Kameraten min kan framleis koma med utidige kommentarar, både til meg og andre.

Humoristiske jamføringar til side; universitets- og høgskulesektoren skal vera glade for ein statsråd med ambisjonar og tru på ein aktiv og open politikk, ein som set høgare utdanning og forsking høgt på den politiske agendaen. Talet på norske studentar ved universitet og høgskular ligg nær 240 000, talet på faglege årsverk nær 20 000. Forventningane og ambisjonane må vera høge. Utviklinga av velferd og næringsliv og av landet si konkurransekraft står på spel. Arbeidet som no er i gang for å styrka høgare utdanning og forsking, skal leggja grunnlaget for mange år frametter.

TR Isaksen Scanpix

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Scanpix

Eit opplagt dillemma for HiSF er det at dei ulike fagmiljøa i høgskulen gjennom mange år har etablert viktige faglege samarbeid med ulike høgskular og universitet. I liten grad har geografi vore bestemmande for utviklinga av desse samarbeida. Det er eit djupare fellesskap i fag og interesser som har vore førande. Det å binda seg einsidig opp til berre ein annan høgskule på Vestlandet, vil slik lett verta veikt. Einskilde fagmiljø kan ha interesse av ein samarbeidspart, men ikkje eit styre som må tenkja heilskap og framtidig utvikling.

Om Universitetet i Bergen med si tyngd og breidde hadde villa vore lokomotivet i eit Vestlandsuniversitet, kunne fusjonsalternativet ha vore godt for fleire av høgskulane på Vestlandet. Men UiB har ikkje synt nemnande interesse. Politisk ser det ut som det er godt rom for at både Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo ikkje får nasjonalt samlande ansvar, men får definera seg som ”internasjonale forskingsuniversitet”.

Den gode utviklinga i HiSF dei seinare åra gir viktig grunnlag for sjølvstendelina. Det mest synlege er utviklinga i talet studentar. I 2008 var studenttalet i underkant av 2 500. I 2014 er talet nær 3 900. I 2008 hadde 689 søkjarar til høgare utdanning HiSF som førsteval. I 2012 var det 1 284 såkalla ”primærsøkjarar” . Talet har vore over 1 200 sidan.

Eit døme kan illustrera veksten dei seinare åra. Avdeling for samfunnsfag , den eine av dei fire avdelingane på høgskulen, har med sine tre institutt ansvar for både bachelor- og masterutdanning innanfor innafor sosial- og helsefag, økonomi og administrasjon, samfunnsfag og organisasjon og leiing. I 2013 hadde denne eine avdelinga fleire primærsøkjarar (699) enn heile HiSF hadde i 2008.

Høgskulen må, uansett framtidig organisering, verta sterkare på kompetanseutvikling og forsking. Forskinga er i vekst og stadig fleire kvalifiserer seg for førststillingar og toppstillingar, men her scorar ikkje HiSF godt nok i nasjonale jamføringar. Ei klok vurdering av slike jamføringar er likevel merksam på følgjande: Det eine er at den store tyngda av profesjonsutdanningar i høgskulen ikkje har nokon lang og sterk forskingstradisjon. Den høyrer i det vesentlege 2000-talet til. Det andre er at satsinga på å auka talet vitskaplege publiseringar dei seinare åra har vore eit massivt karaktertrekk i sektoren. Institusjonar som har drive aktiv forsking i store deler av etterkrigstida, har hatt dei beste føresetnader for å scora i det enno relativt ferske ”teljekantsystemet”.

Ikkje på noko anna felt i sektoren er koplinga mellom den einskilde sin karriereveg og institusjonen si utvikling so sterk som innanfor forskinga. Universitets- og høgskulelova i 2005 la grunnlaget. Lova opna opp for at høgskular med visst mange mastergrader og doktorgrader kunne få universitetsstatus. Fleire vitskaplege høgskular og høgskular kjende seg kalla. Vitskapleg publisering, utdanning av professorar og etablering av mastergrader og doktorgrader fekk prioritet, og nye universitet såg dagslys: Universitetet i Stavanger (2004), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (Ås 2005), Universitetet i Agder (2007) og Universitetet i Nordland (2011).

Heldigvis; høgskulen har dei siste åra verkeleg lukkast også innanfor forsking. Dei fremste døma er at ein har vunne i konkurransen om nasjonale forskingsmidlar. Lærande Regionar, ASK og Fornybar Energi har synt veg. Høgskulen har her lukkast i å etablera sterke fagprosjekt med både internasjonal og regional relevans.

Regional relevans har vore ein grunnverdi for høgare utdanning i Sogn og Fjordane heilt frå byrjinga og fram til i dag. Frå skipinga av dei ulike høgskulane med Sogndal lærarskule (1972), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975), Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule (1979) og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule (1988), via samlinga av desse og Høgskulesenteret på Sandane i Høgskulen i Sogn og Fjordane i 1994, og fram til hausten 2014 har dette vore arbeidsgrunnlag.

Terreng, meiningar og perspektiv endrar seg. Høgskulen si eiga soge har i seg døme på dette. Sogn og Fjordane distriktshøgskule gjorde i åra etter 1975 alt dei kunne for å koma fri frå ein felles leiarskap og administrasjon med Sogndal lærarhøgskule. På byrjinga av 1990-talet, var den same distriktshøgskulen den store pådrivaren for å få samla alle dei sjølvstendige høgskulane. Av dei sjølvstendige høgskulane var Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule den einaste som då kjempa for å vera sjølvstendig institusjon og uavhengig den nye Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ønskje om å forsyna regionen med arbeidskraft og kunnskap har uansett vara ved og vore samlande.

Når HiSF på 2000-talet har utvikla fleire masterprogram, har også dei regionale behova spela inn på utforminga. Den såkalla ”mastersykja”, der ein skapar masterprogram berre akademia sjølv har interesse av, har ikkje nådd HiSF. Masterprogrammet i organisasjon og leiing har i meir enn 10 år synt veg. I kunnskapssamfunnet går det an å kombinera teoretisk arbeid på masternivået med praktisk nytte.

Internasjonalt vert det stadig peika på at det er eit stort problem for relasjonen akademi og samfunn at det berre er akademiske prestasjonar som enkelt kan teljast som vert sett og som er meritterande. OECD har i fleire år fåfengt etterlyst institusjonar som både er ”globally competitive” og ”locally engaged”.

Professor Peter Scott ved University of London, identifiserte nyleg det han kalla “the blind spot in national policy making” (Cambridge Journal of Regions, Economy and Society). Den blinde flekken er den manglande koplinga mellom høgare utdanningsinstitusjonar i rivande utvikling og regionane dei er lokaliserte i. Regionane og lokalsamfunna vert taparane. Samordninga mellom nasjonal politikk for høgare utdanning og forsking, og regional politikk er for svak. For medan universiteta tener pengar på utdanninga av kandidatar , og den vitskaplege publiseringa er det som gir prestisje, so er det ikkje utvikla tilsvarande incentiv for å vera regionale motorar.

Koplinga til regionale behov og ønskje om å spela ei utviklande rolle i regionen er sjølve berebjelken for sjølvstendelinja for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Denne linja vert nok berre endra dersom ein ser at ein annan type institusjon kan makta dette betre i åra som kjem. Det fordrar eit godt blikk.

 

9 replies
  1. per jarle sætre
    per jarle sætre says:

    Interessant artikkel, ein noko kortare versjon burde vere av interesse for hovudstadmedia. Skal ein påvirke er det berre det som gjeld.

    • Gunnar Yttri
      Gunnar Yttri says:

      Hei Per Jarle!
      Kjekt om du tykkte dette var interessant. I høve hovudstadspressa, so kan det vera ein veg å prøva. Men hugs på at for ein blogg som dette, so kan me alle ta ansvar for å spreia og få fram den bodskapen me ønskjer. Ein blogg dyrkar ordskiftet, ein blogg kan gjerne setja dagsorden. Send gjerne innlegget mitt vidare på e-post eller få det ut på sosiale medier.

  2. Hans Jakob Reite says:

    Kven strevar mest med «Den blinde flekken» – du store orakel?

    Eg les bloggen din med stor interesse, Gunnar Yttri. Vi har ikkje vore overauste med søkjande innlegg frå personar med tilknyting til HiSF i strukturdebatten i haust. Bloggen din er stort sett nyansert og i overkant diplomatisk, men eg stussar over kvar du har vore i haust når du kan skrive at «Sjølvstendelinja er meisla ut i ein open og grundig prosess.» Eg spør: Kva tid har fagfolket ved høgskulen problematisert vår manko på forsking etter framtidas krav? Eg synest det har vore nesten fråverande.

    Eg vil utfordre deg til å ta standpunkt til det viktigaste spørsmålet for oss i HiFS denne veka.

    Dette spørsmålet er i klartekst utforma i notatet til styremøtet tysdag – to dagar før styreleiar og rektor skal på teppet hjå ministeren. Det lyder soleis i mi «omsetjing»:
    – Skal vi i tillegg til sjølvstendelina vere opne for ein plan B? Ein plan B som opnar for å svare på spørsmålet frå departementet om «samanslåing»?

    Leiargruppa opnar i styrenotatet for ein slik plan B. Vil du tilrå at styret følgjer opp dette i styremøtet på tysdag?

    Bloggen din er prega av seiemåtar som får meg til å tenkje på det tvitydige «Oraklet i Delfi» frå gresk mytologi. Teksten kan tolkast på fleire måtar av «presteskapet».

    Søkjande tekstar er nyttige og kjekke å lese. Men denne veka er orakelsvar neppe tilstrekkeleg. Vi treng framfor alt «klarhet, klarhet og atter klarhet» – som det heitte i radikale krinsar i det førre årtusen.

    HiSF-styret er det næraste eg kjem bildet ditt på «den blinde flekken» i denne saka. Det er på tide at lese- og svarevegringa der tek slutt! «Det gode blikket» må rette seg inn på sonderingar og forhandlingar før det er for seint. Strukturen for høgskulane endrar seg i full fart denne hausten. Det går fort. Vil vi vere med å styre? Ministeren har opna eit ekstra «overgangsvindauge» på overtid – for å snakke eit fotballspråk dei fleste i Sogndal forstår. Handlar vi?

    —–
    Som eit humoristisk innlegg i strukturdebatten sende eg fylgjande spontane reaksjon til mellom andre rektorat og dei tilsette sine representantar i styret i byrjinga på september. Humoristisk javel, men på alvorleg botn. Situasjonen då var at HiSF skulle utforme eit einsides (ikkje einsidig) notat til deptet før regionmøtet i vest. Eg finn den spontane reaksjonen min frå den gong aktuell nok til å legge ut ordrett over tre månader seinare:

    Sitat:
    «1: Korleis forstår vi stiloppgåva?
    Eg hugsar at forståing av stiloppgåver kunne valde problem også i ei lita kvit skulestove på Sunnmørskysten på 60-talet. Når «Røsaksen» skriv «styrkes gjennom sammenslåing» så meiner han nok nettopp samanslåing. Politikarar vert ofte med rette skulda for å vere vage. Ministeren er krystallklar.

    2: Svarar notata på oppgåva?
    Neppe. Både utkastet til «einsidesnotatet» og referat frå UH-nett Vest er absolutt i grenseland. At vi er stolte på eigne vegne er bra og viktig. At vi brukar nokre få ord på å seie at stiloppgåva har manglar er ok. I klårtekst: Vi vil aller hels styre oss sjølve slik vi har gjort før!

    Men likefullt spør deptet etter samanslåing. Eg registrerer at det frå vår side vert ropa på autonome institusjonar. Eg lyt strekke nakken når ordet «konsortium» kjem fykande gjennom lufta. Det er mogleg at dette er Nyare Norsk, men svar på stiloppgåva frå yberskulemeister Tobben er det neppe.

    3: Ei lita vitjing i grannegarden – der dei prøver å slå saman kommunar
    Høyanger er nærast ein gjennomsnittskommune i fylket. Grei storleik når vi har 26 kommunar. Ordføraren i Høyanger synest framleis Høyanger har ok storleik sjølv om talet på kommunar vert redusert til ein femtepart. Eg er skeptisk.

    I vesle Hornindal slo ordføraren til med tilbod om å gjere Grodås til senter for ein storkommune med Volda, Stranda, Stryn og Eid som utkantar. Rørande naivt. Neppe realitetsorientert. Moro å høyre på for oss som i våre beste stunder kallar oss humoristar. Eg trur HiSF har lite å lære av ordførarane i Høyanger og Hornindal. Så langt grannegarden.

    4: Ikkje føretaksmodell
    Vestlendingane ymta frampå om føretaksmodell, men deptet signaliserte klokt nok njet. Vestlendingane tok signalet på strak arm. Men når det gjeld bestillinga på «samanslåing» ser det ut til at vi er meir tungneme.

    5: HiFS vert vonleg sett på som eit godt gifte
    Viss regjeringa meiner alvor – og det gjer ho truleg – så skal HiFS giftast bort. Det er spennande. Vi er arbeidssame, stolte og velstelte, og det er eit framifrå utgangspunkt. Men same kor vi vrir og vender på det så kjem vi frå gubbefylket. Gatenettet er grise. Friarane er truleg ikkje fleire enn vi greier å halde styr på. Vi får gledje oss over dei som kjem. Frå sør. Eller nord?

    Eg trur det vert viktigast for Nordre Bergenhus å sjå den vegen vi alltid har gjort. Sørover. Sjølv om Volda ligg nær det nynorske hovdingsetet i Åsentunet!

    Eg trur vi vinn på å svare på stiloppgåva. Vi må gjere vårt beste for å by oss fram som eit godt gifte. Eller i det minste framstå som eit brukande kjærastemne.

    6: Sluttord
    La oss skrive at vi forstår ordet samanslåing som nettopp samanslåing. La oss skrive at vi er stolte og velstelte og at vi – om enn litt motvillig – er gifteklare. La oss skrive at vi kjenner oss i slekt med bygdefolket på Sunnmøre, men at vi alltid reiser til Bergen når vi skal til by’n! La oss skrive like klart som «overlæraren» spør. Eg trur at eit klart svar på oppgåva vil gledje den konservative Isaksen. Eg trur han er så gamaldags at han får godhug for elevar som veit å svare på ei tydeleg stiloppgåve.

    For eiga rekning

    Hans Jakob Reite

    PS: Dette er ei frimodig ytring. I den vesle kvite skulestova i utbygda der vi streva med praktisk rekning og stiloppgåver, der gjekk vi også på søndagsskule. Der lærde vi heidningane å vere frimodige.»

    • Gunnar Yttri
      Gunnar Yttri says:

      Hei Hans Jakob!
      Takk for interessant tilsvar.
      Eg meiner verkeleg at det har vore ein open og god prosess i struktursaka. Med det meiner eg at det har vore aktivt informert frå rektor si side både eksternt og internt i høgskulen, avdelingane har vorte rådspurde, og fagorgansiajsonane har fått medverka. Her kan det vera lokale variasjonar ved avdelingane eg ikkje er kjend med, men dette er mitt inntrykk og dette er mi meining. Dokumentasjon og informasjon finn du framleis på HiSF sine nettsider.
      Du etterlyser eit betre og offentleg ordskifte. Det kan eg vera samd med deg i. Men det vil truleg vera til hjelp og stimulera eit slikt ordskifte at ein argumenterer sakleg også med dei ein er usamd med. Når du seier at min tekst minner deg om «orakelet i Delfi», so kan no det også vera eit kompliment. Men når du kallar høgskulestyret vårt «den blinde flekken» so tykkjer eg du går langt over grensa for eit sakleg ordskifte. Det må gå an å vera usamd i sak og vedtak utan å setja nedsetjande merkelappar på dei som har fatta eit vedtak du ikkje er samd i. Om det er eit ope og godt ordskifte du ønskjer, og det er eg trygg på at du vil, so er det faktisk grunnlaget.
      Eg har fleire gonger vore usamd i vedtak i høgskulestyret. Men eg har stor respekt for arbeidet i deira. På vegne av departementet har dei fått eit omfattande ansvar, og styret tel både eksterne særskilt oppnemnde representantar og det tel representantar valde av vårt gode kollegium.
      Eg kan elles ikkje sjå at det er nokon av dei saklege argumenta du skriv om, som ikkje har vore grundig drøfta i vår, sommar og haust av høgskulestyret. Men at ein vurderer og konkluderer annleis enn det du gjer, det er noko anna.

      • Hans Jakob Reite says:

        Takk for tilsvar!

        1: Ja, eg tek hardt i når eg plasserer «den blinde flekken» i styret. Isolert sett kanskje for hardt. Men bakgrunnen er at du brukte «den blinde flekken» i overskrifta di. Kvar plasserer du «den blinde flekken» i denne debatten heilt konkret? Eit godt ordskifte er også avhengig av klare svar. Og eg tek opp att: Kva er ditt konkrete syn på vedtak om plan B.

        2: Eg skal dempe retoriske merkelappar i dette tilsvaret. Men eg vart grådig skuffa etter sist styremøte der styret valde å stryke eit punkt som kunne vere «ein plan B». Eg vonar at styret har so pass respekt for ministeren sitt spørsmål at det kjem med ein plan B – gjerne etter å ha understreka at sjølvstende er plan A. Eg har heile vegen hatt respekt for styret sin plan A, men vegringa mot å svare på utfordringa om «samanslåing» frå statsråden er for meg uforståeleg. Ei slik streting vil neppe tene oss ettersom landskapet for høgskulane ser ut til å endre seg fort.

        3: Debatten har i heile haust vore laber i høve til kva eg hadde venta i ei så viktig sak. Som relativt fersk tilsett ved HiSF hadde eg venta meir sprut frå fleire kantar. Eg «øver sjølvkritikk» for ikkje å ha delteke i offentleg debatt tidlegare. Det burde både eg og fleire ha gjort. Etterpåklokskap er også ein klokskap!

        • Gunnar Yttri
          Gunnar Yttri says:

          Takk igjen for svar Hans Jakob!
          Når eg skriv om «Den blinde flekken» er dette henta frå den internasjonale forskingslitteraturen (Peter Scott) om koplinga mellom høgare utdanning, forsking og region. Eg ville ikkje finna på å setja dette som ein merkelapp på nokon i HiSF. «The Blind Spot» er eit fenomen som gjeld på nasjonalt nivå og det gjeld i fleire land.Tendensen er at regionale og lokale omsyn vert oversett og tapar i høgare utdanning og forsking. Når eg fører det inn i strukturordskiftet i HiSF og i Noreg, so er det nettopp for å syna at her er det ei spenning i og utfordring for den overordna politikken i sektoren. Eg trur at til grunn for HiSF-styret sitt vedtak ligg det at dei leiar ein institusjon der dei aktuelle omsyna vert sett og har prioritet.
          I høve til Plan A og Plan B, so er eg usikker på kva som er klokast. Det er i alle fall ikkje klokt å leggja fram ei løysing det ansvarlege styret sjølv ikkje har tru på. Eg trur rektor og styret har gjort og gjer gode vurderingar her. Til styremøtet i morgon ligg det føre eit eige førebuingsnotat til møtet med statsråden, og det gjer at styret kan følgja opp sitt eige vedtak frå november. Det har eg sans for.

          • Hans Jakob Reite says:

            Sluttreplikk frå meg – så langt:
            Denne Peter Scott hadde eg ikkje høyrt om, så det var interessant. Men eg har på landbruksakademisk grunn livlært meg i årevis som landbruks- og bygderådgjevar i spørsmål om gardsbruk og bygdelag. Der såg eg ofte at folk var heimeblinde eller tunblinde. Ein vert rett og slett for stolt av graden og forfedrane sitt gode arbeid. Ein vert så heimeblind at ein ikkje ser dei beste framtidsløysingane for seg sjølv. Den blinde flekken.

            I bygdesosiologien i utbygda kan ein også kome opp i diskusjonar der alle tvingar seg til å tenkje likt. Det vert oppfatta som farleg å bryte ut. «Er du den einaste som er mot kraftutbygginga vår, så vert du kasta ut av jaktlaget i hjortejakta». (Sann soge frå Gaular). Skarpe stemmer er viktig. Derfor talar eg eit samstemt styre midt imot. Derfor tek eg hardt i.

            Når det gjeld kode for diskusjon så bekjenner eg meg til det miljøet eg kjem frå. Kystfolket. Avgjerder om varp eller tom not, liv eller daude måtte gjerast fort. Då var det ikkje mykje hjelp i «omsvøp og lang tale».

            No har vi tre viktige dagar. Styremøtet i dag. Tenkjing, telefonering og kaffidrikking i morgon. Torsdag opnar Tobben overgangsvindauget for siste gong (i alle fall iår). Om eg har brukt for harde ord om styret får vi truleg svar på i løpet av desse tre dagane.

            hans jakob

            PS: Når eg ser ein Høgskule med stor H – som til overmål utdannar lærarar – slite med å svara på stiloppgåva frå overlæraren, ja – då boblar humoristen i meg over. Vi må aldri misse evna til å le av oss sjølve. Misser vi humpøret har vi i alle fall tapt!

  3. Ragna Lillevik says:

    I det nye Norgeskartet som Røe Isaksen tegner opp, er innbyggerne i Sogn og Fjordane best tjent med en liten, selvstendig forsknings- og utdanningsinstitusjon? Størrelse er relativt, og vi krymper. Styret ved Høgskola i Sogn og Fjordane har sagt at de vil fortsette med å rå over kun 1,5% av den norske studentmassen, mens universitet og høgskoler landet rundt slår seg sammen i radig fart.

    Hvorfor skal fylket vårt avspises med en mindre og mindre konkurransedyktig høgskole?

    Størrelsen teller. Det er like viktig for innbyggerne i Sogn og Fjordane som det er for innbyggerne i Oslo, Trondheim og Bergen at vi har forskere som er med på å sette forskningagendaen. Vi trenger dyktige og erfarne forskere som har med seg det siste av oppdatert kunnskap i møte med studenter og samfunnet rundt oss, dersom høgskola skal være en motor for utvikling i fylket.

    Men det koster å forske. Det straffer oss at forskningstradisjonen hos mange av våre profesjonsutdanninger er kort. Pengene deles ut etter tidligere prestasjoner i tellekantsystemet og gjennom åpne utlysninger der CV-tunge forskere dominerer. Ikke vi.

    To ting kunne styrke oss i konkurransen om forskningsmidlene. Det ene er spesialisert administrativ støtte, slik som rådgivere innen søknadsskriving, prosjektøkonomi, statistikk, kommunikasjon, jus og EU-program for forskning. Vi har i dag to rådgivere som dekker noen av disse feltene – HiB har ni stykker kun på kommunikasjon Det andre er større faglige kollegier som kan styrke våre søknader på forskningsmidler med å tilføre mer kompetanse og erfaring. Vi trenger bensin på motoren.

    Dersom høgskolene på Vestlandet finner tonen når de nå skal møte statsråden før jul, kan vi gå høytida i møte som en institusjon på vel 18 500 studenter. Høgskolene i Molde, Ålesund, Volda, Sogn og Fjordane og Bergen blir sammen større enn Høgskolen i Oslo og Akershus. Vi får en tyngde vi bare kan drømme om hver for oss.

    I en sektor der konkurransen hardner til, er det farlig å sitte igjen på gjerdet. Statsråden har varslet sterkere resultatorientering i den kommende nye finansieringsordningen for universitet og høgskoler. Det er enkel matematikk. Sogn og Fjordane får en høgskole som er mindre konkurransedyktig for hver fusjon som skjer.

    Dersom høgskolene i Møre og Romsdal slår seg sammen, mens vi står utenfor, har vi fått oss en storebror i nord som er like stor som den i Bergen. Vi blir en lillebror som når våre nærmeste naboer omtrent til midjen.

    Tørr vi å satse for trivselsfylket? Eller er «fylkets beste» og «regionale behov» kun et skalkeskjul for akademikere med endringsvegring? Om vi gir Sogn og Fjordane en selvstendig høgskole til jul, er det ikke sikkert vi fortjener takk når den nye hverdagen kommer.

  4. Gunnar Yttri
    Gunnar Yttri says:

    Hei Ragna!
    Eg tykkjer mange av argumenta dine jamt over er interessante og gode. Så kan det vera ulike vurderingar av kva som er viktig i høve til storleik og arbeidsmåte, og kva som er styrke og veikskapar i dei ulike alternativa. Eg meiner styret har hatt oppe alle desse relevante argumenta, og gjer sine vedtak på det grunnlaget.
    So stussar eg på avslutninga di der du reiser spørsmålet om «fylkets beste” og “regionale behov” berre er eit skalkeskjul for «akademikere med endringsvegring». Det må gå an å vera usamd i sak utan å tillegga den eller dei som har andre meiningar dårlege eigenskapar eller nedsetjande karakteristikkar. Hugs mellom anna på at det er våre valde kollegaer som sit i høgskulestyret. Det er også slik at «endringsvilje» eller «endringsvegring» er jamt fordelt i høgskulen. Det syner seg når store saker står på sakskartet, til dømes i år med ny ressursfordelingsmodell. Men alt i alt trur eg at me er ein høgskule som arbeider fagleg godt og administrativt effektivt, også når det krevst endringar. Og takk for det, for eg trur det vert relativt store endringar, same kva som vert utkome i denne saka.

Comments are closed.