Refleksjonar frå ein ung forskar si deltaking på fagkonferanse

Forfattar: Oddne Skrede

FIBE er ein nasjonal konferanse i regi av Noregs Handelshøgskule for forskarar innanfor dei økonomisk-administrative faga. Det er ein viktig møteplass for det bedriftsøkonomiske forsknings- og høgare undervisningsmiljøet. Temaet i år var «Høgare økonomisk administrativ utdanning: I støypeskeia?». Konferansen er eit fint høve, spesielt for unge og uerfarne forskarar til å presentere, samt få innspel på arbeidet sitt.

Vi tok hurtigbåten til Bergen den 6. januar, dagen for konferansen. Onsdagen brukte vi til avdelingsmøte, og avslutta med ein middag i sentrum til eit stykke ut på kvelden.
Torsdag tok vi turen ut til Sandviken, til Noregs Handelshøgskule. Konferansen var sett opp i kjend stil, med ein kombinasjon av plenumsføredrag og parallelle sesjonar der deltakarane sjølve presenterer.

Årets FIBE hadde tittelen «Høgare økonomisk-administrativ utdanning – I støypeskeia». Temaet for plenumsføredraga var arbeidsmarknaden for økonomar i framtida, samt eit blikk på innhaldet i studiet og struktur av utdanningsinstitusjonar som tilbyr dette studiet.
På parallellsesjonane held til saman rundt 70 deltakarar presentasjonar av eige arbeid. Fleire av deltakarane frå HiSF heldt innlegg: Ove Oklevik og Helene Maristuen presenterte sine arbeid innanfor turisme, medan Parmita Saha og Jon Gunnar Nesse snakka om høvesvis kraftbransjen og kommunar si involvering i dette, og om rekruttering av arbeidskraft til perifære strøk.

Eg heldt mitt første innlegg på ein fagkonferanse på fredagen, der eg snakka om modellar for prising av valuta på kortare og lengre sikt. Noko spent var eg, mildt sagt, men fekk gjennomført ein grei presentasjon.
På finanssesjonen fekk eg elles innblikk i kva andre forskarar frå resten av landet jobbar med. Eg vart fortalt om arbeid innanfor tema som pensjonsmodellar, bustadmarknadsanalyser samt risikomodellering innanfor råvaremarknader. Mange spanande tema, og som gjerne er utført med kompliserte analyser.

Gjennomsnittsalderen hjå dei som presenterte på denne sesjonen var låg. Unge forskarar vert særskilt tilrådde å fortelje om sitt arbeid på FIBE-konferansen. Dette er bra verkemiddel for folk som opplagt jobbar i ein sektor der kunnskap står i fokus, og det difor kan vere krevjande å vere ung og inneha førebels avgrensa kunnskapar.

Vil du lese meir om kva FIBE er, klikk her: https://conference.nhh.no/fibe/2015/