Refleksjonar om undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar

finn_small

Forfattar: Anne-Grethe Naustdal

Resultat frå Studiebarometeret 2014 frå NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning – er lansert. Nasjonalt syner resultata at det er mest misnøye frå studentane knytt til undervisning, oppfølging og rettleiing. Dei nasjonale funna gjev grunn til refleksjon.

Nokre høgskular og universitet har grunn til å glede seg over resultata i Studiebarometeret. Men det er likevel både overraskande og urovekkande at nasjonalt er det berre 3 av 10 studentar som er fornøgd med tilbakemelding og oppfølging av sine studiar. Kun 29 % er fornøgd med den individuelle oppfølginga frå faglærarane. Studentane er heller ikkje fornøgde med faglærarane si tilbakemelding på eige arbeid. All undervisning i høgare utdanning skal vere forskingsbasert. Difor er resultata tankevekkande.

Sidan kvalitetsreforma tidleg på 2000 talet har det vore omfattande fokus på kompetanseheving blant personale. Stillingar som førsteamanuensar, førstelektorar, dosentar og professorar er normalen blant dei fagtilsette. Grunnlaget for å skulle gje god undervisning, oppfølging og rettleiing burde vere framifrå.

Kravet til forskingsbasert undervisning er at læraren som underviser sjølv enten driv eller har erfaring med forsking og slik sett kjenner dei vitskaplege metodane og arbeidsmåtane. Meir og betre forsking ved utdanningsinstitusjonane skal nettopp gje betre kvalitet på utdanninga. Læringsaspektet ved den forskingsbaserte undervisninga vert vektlagt. Det vil seie at den fagtilsette skal stimulere til at studentane lærer faget gjennom å bruke forskinga sine teoriar og metodar.

somatiske_sjukdommar_og_meistring_i_eldre_aar_medium

 

Korleis skal vi klare å la studentane kome nær  vitskaplege tenkemåte og framgangsmåte om vi ikkje klarar å gje dei nødvendig tilbakemelding på f.eks. skriftlege arbeid?

God tilbakemelding og dialog fremmer læring og hjelper studentane til å reflektere over eigne læreprosessar. Forsking viser at studentane sitt læringsutbytte er avhengig av fagleg kvalitet på kommentarane og   pedagogisk kvalitet. Med ein etter kvart sterk forskingskompetanse blant dei fagtilsette er det vel neppe mangel på kompetanse som er hovudutfordringa knytt til å oppnå betre resultat kring tilbakemelding og oppfølging.  Snarare handlar det kanskje om å planlegge og legge opp undervisninga på ein slik måte at studentane lærer det dei skal. Vi har eit ansvar for å sikre at undervisninga vert utøvd etter anerkjende pedagogiske prinsipp.  Det vert avgjerande å sikre god utnytting og samsvar i bruk av den fagtilsette sin kompetanse.

Leiarar i UH-sektoren må sjå til at dei fagtilsette ikkje blir ståande i for stor skvis mellom forventning om både å forske og å undervise meir. Det krevjast tett oppfølging av studentane for å kunne oppøve nødvendige  ferdigheiter til å stille spørsmål, til refleksjon og kritisk tenking. Opp i dette står det heilt sentralt at studentane får god tilbakemelding og oppfølging på sine arbeid. Dialog med faglærarar fremmer læring.

Oppfatninga av kva som ligg til det å gje forskingsbasert undervisning varierer. Kan dette vere ein muleg årsak til dei dårlege resultata?  Ei oppfølging av samfunnsmandatet vårt knytt til å gje studentane forskingsbasert  undervisning, skulle gjett eit betre resultat. Det er gjort nokre forsøk på tolkingar i kva som ligg til forskingsbasert undervisning. Berit Hyllseth (UHR) si utgreiing om dette i 2001 er den definisjonen som truleg vert mest nytta.  Her vert det vektlagt fem tolkingsmuligheiter for kva forskingsbasert undervisning kan bety:

  • undervisningen skal være i overensstemmelse med forskningens nyeste resultater
  • undervisningen skal være tilknyttet et forskningsmiljø
  • fast ansatte lærere skal ha forskningskompetanse
  • undervisningen skal utføres av aktive forskere
  • undervisningen skal innebære trening i vitenskapelig metode i samarbeid med praktiserende forskere

 

Fem ulike tolkingsmuligheitene som stiller ulike krav til utdanningsinstitusjonane. Hyllseth trekk sjølv fram at det siste kravet er å oppfattast for strengt i høve ressursane som er tilgjengeleg og det fyrste nivået er heller ikkje særleg eigna som utgangspunkt til ein definisjon. NOKUT presiserer at forskingsbasert undervisning kan ha ei brei forståing med spenn frå at undervisninga  tar utgangspunkt i den forskinga som lærarane sjølv driv, til at undervisninga byggjer på kunnskap som er underbyggja av etablert forsking og utviklingsarbeid. NOKUT presiserer imidlertid at undervisninga også skal  vere prega av at studentane deltar i ”forskingslike aktivitetar” i sine læreprosessar.

Det ligg nær å tru at UH-institusjonane framleis bør jobbe enda meir med å operasjonalisere kva som ligg i forskingsbasert undervising. Dette kan danne veg for betre resultat knytt til undervisning, oppfølging og rettleiing.

1 svar

Comments are closed.