Styrking av internasjonalt perspektiv i utdanning

Skrive av Christian Vik, Mari Husabø og Anne-Grethe Naustdal

«Meir enn nokosinne er kunnskapen global. Dette skal i sterkare grad avspegle arbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi skal styrke den internasjonale aktiviteten, auke kvaliteten i arbeidet og vere ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av verksemda til høgskulen.»

Dette og meir til er ein del av måla i Strategisk plan 2014-2018 for Høgskulen i Sogn og Fjordane.  Høgskulen skal ha ei strategisk oppbygging og vidareutvikling av det internasjonale arbeidet. Som ledd i dette er det i organisasjonen no ute på høyring ein Strategi- og handlingsplan for internasjonalisering for 2015-2020. Vi skal mellom anna rekruttere fleire utvekslingsstudentar ved å opprette engelskunderviste emne integrert i eksisterande studieprogram. Vi skal oppmuntre studentane våre om å ta delar av studiet i utlandet og vi skal i større grad inkludere internasjonalisering i utdanningane til studentar som vel å vere på campus. Internasjonalisering handlar om å ta del i eit felles ansvar og markere HiSF sine verdiar om mellom anna fellesskap og solidaritet. Kandidatane vi utdannar vil også i større grad ta del i ein global arbeidsmarknad. Korleis skal vi så betre klare å integrere internasjonalt perspektiv i utdanningane våre? Dette var eit av fleire spørsmål som kom opp når Avdeling for samfunnsfag samla seg rundt frukosborda i dag tidleg for å diskutere den nye planen.

SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Internasjonaliseringsarbeidet er tydeleg eit område vi treng å forbetre oss på. Vi er utfordra på å bli betre på dette feltet av både NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning) og Kunnskapsdepartementet. Det å skape ein tydeleg internasjonal profil og utnytting av moglegheitene for å vere attraktive i ein internasjonal marknad er ei av målsetjingane for HiSF i 2020. Styrka internasjonal aktivitet, auka kvalitet i arbeidet og integrering av internasjonalisering i verksemda til høgskulen er nemnt som særskilt viktige område for HiSF i Strategisk plan 2014-2018.

 

Handlingsplanen konkretiserer satsingsområder, målsetjingar for arbeidet og tiltak for å nå målsetjingane innan 2020. I framlegget til handlingsplanen vert åtte prioriterte tiltak for å nå målsetjingane våre drøfta. Tiltaka syner føremål, grunngjeving og kostnadsoverslag, og er mellom anna utarbeidde på bakgrunn av kartlegging hjå studentar og tilsette ved HiSF om internasjonalisering.

 

Diskusjonane under vår «Internasjonaliserings-frukost» dreide seg fyrst om den internasjonaliseringaktiviteten vi allerede driv på med og kva som kan forbetrast her. Det vart stilt spørsmål om ambisjonane og realismen i handlingsplanen i for hold til dei mange oppgåvene vi elles skal løyse. Nokre stilte spørsmål kring kor attraktive vi egentleg er for tilreisande studentar. Har vi nok interessante engelskspråklege kurs, eller er det behov for auka tilbod her? Det kom fram ynskje om meir samarbeid internt kring internasjonalisering og slik dra betre veksel på erfaringar og sambruk. Det vart diskutert internasjonalisering i framtida saman med andre institusjonar. Burde vi ha hatt pilotprosjekt for internasjonalisering på avdelinga? Det vart avslutningsvis trekt fram at vi burde nytte våre internasjonale kollegaer ved avdelinga på ein betre måte. Vi har mange ressursar her og det handlar om å nytte kompetansen på ein god måte. Tenke nye tankar og setje i verk konkrete tiltak som ikkje nødvendigvis treng tilførsel av nye ressursar. Vi kan søkje å samarbeide rundt felles internasjonale fag med våre samarbeidande institusjonar. Temaet over frukosten denne morgonen engasjerte og internasjonalisering kjem nok til å komme høgare på dagsorden ved avdelinga.