Studentar som ressurs i lokalsamfunnet

Forfattar: Brit-Marie Follevåg

Ein aktivitet treng ikkje kreve så mykje, men den kan gjere ein forskjel.

Studentar ved HiSF har bidrege med varierte og kjekke arrangement i lange tider. I regi av Studentveka 2014 vart det arrangert kino for eldre, ved å ha framsyning av filmen «Optimstene», ein film om «livsglade mennesker i livets høst».

Foto:

Foto: Filmweb.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Studentane i praksis i 2015 gjentok dette som følgje av den gode erfaringa frå kinoen under Studentveka i 2014. Studentane Sigrid, Elise og Martine opplevde kinoen saman med personar som ikkje har ord eller kan uttrykkje seg og som har vanskar med å oppfatte det som føregår rundt seg. Desverre opplev desse personane ofte frustrasjon og fortviling av å vere i omgjevnadar dei ikkje kjenner seg heime i. Opplevinga med kinoen sette glede i både den gamle og den unge kroppen! Og den tok til alt før filmen, og sat i fleire dagar etterpå.

«Det er bra med felles aktivitetar og at det skjer noko på avdelinga, vi får høve til å prate og le saman.» (bebuar)

Det er mange grunnar til at eldre som bur på omsorgssenter og sjukeheim ikkje nyttar seg av kulturelle arrangement. Redusert fysikk og kognitiv svikt kan hindre deltaking i livet utanfor institusjonen. Vernepleiestudentar i praksis i eldreomsorga sørga for ekstra trivsel og lyspunkt i kvardagen for dei eldre. Med sin entusiasme og glede inviterte dei med bebuarar ved eit omsorgssenter i fylket. Viktigheita av øyblikkets glede vart tydeleg.

«Vi kunne observere underveis at noen nynnet på kjente melodier, noen imiterte filmens bevegelser, mens andre satt med begeistring i blikket.» (Thomas – student)

Ifølgje  studentane skal det ikkje alltid så mykje til.

Eg trur det gjer godt for oss! (Godt «vaksen» bebuar). Studentane kunne stille seg bak den påstanden.

Studentane på Vernepleie som organiserte filmkveld.

Studentane Ida, Liza og Thomas på Vernepleie som organiserte filmkveld.

 

 

 

 

 

 

Engasjerte og ressursorienterte studentar spreier opplevinga av den gode stunda til lærarar og andre studentar. Det var ikkje tvil om kva vernepleiestudentane skulle gjere under praksis, lage til filmkveld for eldre!