HiSF med presentasjon på Nordisk Forening for Spedbarns Utvikling konferanse.

Forfattar: Arnold Goksøyr

Nordisk Forening for Spedbarns Utvikling – NFSU sin 24. konferanse vart arrangert i Stockholm i vår og samla 100 klinikarar og forskarar frå Noreg, Sverige og Danmark.

Noreg stilte med ein stor delegasjon. Mange kom frå Regionsentera for barn og unges psykiske helse – RKBU/RBUP, men også ein del frå BUP, Bufetat, kommunal barnevernsteneste, familiesenter og frå helsestasjonar. NFSU er ein del av World Association for Infant Mental Health – WAIMH, som er ein internasjonal paraplyorganisasjon i feltet sped- og småbarns psykiske helse. NFSU skal arbeide for utvikling og innføring av effektive metodar for førebygging og behandling av psykiske vanskar hos små barn. NFSU har fokus på sped- og småbarn si psykiske helse spesielt og førebyggande helsearbeid generelt.

Hovudtema på konferansen var Kvalitet i sped- og småbarns intervensjoner, og dei 12 presentasjonane i løpet av to dagar omtala nye og lovande behandlingsmetodar og korleis ein kan evaluere desse. Særleg interessant var det å høyre om metoden Child-Parent Psychotherapy – CPP som Anna Norlen, leiar av Ericastiftelsen i Stockholm, stod for. CPP er ei behandlingsmetode retta mot små barn som er blitt utsett for vald og overgrep. Fleire forskingsprosjekt viser at behandlinga gir gode resultat. Til hausten vert det arrangert opplæring i CPP for behandlarar frå Noreg, Sverige og Danmark.

Underteikna presenterte prosjektet Erfaringer med Parental Reflective Functioning Questionnaire (PRFQ) som evalueringsinstrument. Presentasjonen tok for seg arbeidet med omsetting og utprøving av eit spørjeskjema som måler foreldre si evne til å reflektere kring barn sine tankar, opplevingar, motiv og kjensler. Instrumentet er prøvd ut på ei gruppe foreldre som har delteke i eit foreldretrenings-program og resultata tyder på at det er veleigna til å evaluere effekten av terapi. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane,  Uni Research Helse – RKBU Vest og Universitetet i Leuven, Belgia.

Tillegg:
Program for konferansen