75 år sidan forsvaret av Sogn og Fjordane vart oppgjeve

Forfattarar: Oddmund Hoel

Den siste månaden har det vore mykje i media om det tyske åtaket på Noreg for 75 år sidan, og Sogn og Fjordane-media har formidla fleire sterke historier om menn frå fylket som kjempa i Valdres i aprildagane. Desse dagane er det 75 år sidan norske styrkar gav opp forsvaret av Valdres, Sogn og Fjordane og resten av Sør-Noreg, så her skal me ta eit raskt tilbakeblikk på Sogn og Fjordane sin innsats gjennom dei dramatiske aprilvekene.

Vekta vert lagd på landstridskreftene sjølv om dei fyrste soldatane frå fylket som miste livet, omkom ved seinkinga av «Norge» og «Eidsvold» i Narvik om morgonen 9. april.

I dag for 75 år sidan, om morgonen 2. mai, godtok generalmajor Erwin Engelbrecht å innstilla krigshandlingane i Sogn og Fjordane. Kvelden før hadde han kome til Lærdal og kalla til seg politimeisteren i Sogn, Finn Dahlin, på Lindstrøms hotell. Dei norske styrkane i Sogn hadde alt lagt ned våpna, men Engelbrecht stilte som vilkår for å innstilla krigshandlingane at dampskipa «Kommandøren» og «Lærdal» og 40 motorbåtar skulle innfinna seg i Lærdal om morgonen 2. mai klokka 7 for å frakta tyske styrkar over fjorden. Dahlin gjorde det klart at han ikkje visst kor dei to dampskipa låg og at det var umogleg å stilla så mange båtar, men han skulle prøva. Engelbrecht endra frammøtetida til klokka 8 og reduserte kravet til 10 båtar, og han gjorde det klart at «det var ’Kommandørens’ ankomst til den nevnte tid, han så som et tegn på om man ønsket å oppfylle de stillede vilkår». Om villkåra ikkje vart oppfylte, ville Engelbrecht «rekvirere fly», med andre ord bombing. Nordmennene visste på det tidspunktet veldig godt kva bombing var. Vossevangen var nokre dagar før lagd i ruinar, og bombinga av mål i Sogn og Fjordane toppa seg 25. april med bombinga av Gudvangen, Lærdalsøyri, Stryn og fleire andre stader. Dahlin gjorde som han måtte etter at den militære motstande var oppgjeven, og i 8-tida 2. mai klappa «Kommandøren» til kai i Lærdal. Litt etter kom «Lærdal» og fleire motorbåtar. Dagen etter vart dei fyrste tyske soldatane skipa over til fylkesadministrasjonen på Leikanger.

Hendingane i Lærdal 1.–2. mai er såpass godt kjende fordi Finn Dahlin i 1950 skreiv ein rapport om krigen i 1940 for redaktør Einar Svartefoss, som arbeidde med å samla inn dokumentasjon om krigen. Svartefoss brukte rapporten mykje i boka «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940–45» (1994), men nyleg har sonen til Finn Dahlin, Erik Dahlin, funne ein kopi av rapporten slik at han no er tilgjengeleg i heilskap.

Dahlins møte med general Engelbrecht 1.–2. mai var ei av ei rekkje dramatiske hendingar desse dagane. Etter det tyske åtaket 9. april var det mogleg å gjennomføra ei ordna og fullstendig mobilisering i Sogn og Fjordane og i Hordaland utanom Bergen som var hærsett. Dahlin var sentral i mobiliseringa i Sogn og Fjordane, som kravde at oppunder 2000 soldatar på kort tid måtte fraktast med båt over Sognefjorden til Gudvangen der dei tok seg vidare til Voss. Fylkesbaatane spela såleis ei nøkkelrolle. På Voss skulle 4. brigade («Vestlandsbrigaden») setjast opp, og det var den einaste av dei fem brigadane i Sør- og Midt-Noreg som vart nokolunde fullstendig oppsett og utstyrt i april 1940. Etter seks dagar, om kvelden 15. april, hadde øvstkommanderande på Vestlandet, general William Steffens, ferdig oppsette feltavdelingar med drygt 6300 mann under våpen og mange hundre hestar på Voss.

På Austlandet kom dei norske styrkane raskt under press, og 17. april fekk Steffens ordre frå kommanderande general Otto Ruge om å senda det meste av 4. brigade til Valdres. Steffens sende motviljug dei mest trena delane av brigaden – drygt 3600 mann – med tog austover til Gol i nattemørkret 17.–19. april. Han hadde tenkt å bruka avdelinga til å ta att Bergen.

Det var fleire grunnar til at hærleiinga ville ha forsterkningar til Valdres der dei norske avdelingane var under hardt press. Ein kraftigare norsk innsats der ville binda større tyske styrkar og avlasta fronten sør i Gudbrandsdalen der det røynde på. Det var dessutan von om å få britiske styrkar inn Sognefjorden til Lærdal og vidare over Filefjell til Austlandet slik dei i dagane frå 17. april kom inn til Åndalsnes og over Lesja til Gudbrandsdalen. Det var dessutan viktig å hindra at tyskarane fekk delt Sør-Noreg i to og fekk kontroll over Bergensbanen. Tyskarane frykta britiske forsterkningar, og leiaren for den tyske invasjonen, general Nikolaus von Falkenhorst, var utolmodig og pressa fleire gonger på for auka tysk framrykking mot Sognefjorden.

 

Generalmajor Erwin Engelbrecht og oberst Gudbrand Østbye, sjef for 4. brigade og Fjordane infanteriregiment, inngår kapitulasjonsavtala på Gol hotell 1. mai 1940.

Generalmajor Erwin Engelbrecht og oberst Gudbrand Østbye, sjef for 4. brigade og Fjordane infanteriregiment, inngår kapitulasjonsavtala på Gol hotell 1. mai 1940. Det finst ikkje foto frå møtet mellom Engelbrecht og politimeisteren i Sogn, Finn Dahlin, i Lærdal same kvelden.

 

Sjefen for 4. brigade i Valdres var oberst Gudbrand Østbye, som i fredstid var sjef for Fjordane infanteriregiment nr. 10 der dei aller fleste soldatane frå Sogn og Fjordane høyrde heime. Me kjenner ikkje nøyaktig til kor mange soldatar frå Sogn og Fjordane som vart sende til Valdres, men Kjell-Ragnar Berge, fylkets fremste krigshistorikar, meiner det var minst 1000 i infanteriavdelingane. I tillegg kom ein del i støtteavdelingane. Alt 19. april vart dei kasta inn i nokre av dei hardaste kampane som rasa i Sør-Noreg i Bagn, og dei dreiv jamvel tyskarane attende til Hønefoss . Etter å ha halde stand ei veke, braut tyskarane opp dei norske frontlinene og pressa dei norske styrkane vestover mot Fagernes. Tyskarane sette på det meste inn 14 000 soldatar mot dei 3–4000 norske i Valdres og Hallingdal, og dei hadde fullstendig luftherredøme, meir og tyngre artilleri enn dei norske styrkane og panservogner. Mot dette hadde dei norske styrkane korkje luftvern- eller panservernskyts å setja inn. Totalt vart 46 norske og 157 tyske soldatar drepne under kampane i Valdres, og fem gonger så mange norske vart såra.

Siste veka i april nærma forsvaret av Sør-Noreg seg eit samanbrot. Tyskarane hadde gått i land med under 9000 soldatar i Noreg 9. april, men fekk i løpet av felttoget (til 9. juni) inn 140 000. Den 28. april byrja evakueringa av dei britiske styrkane frå Åndalsnes, og det var no heilt klart at det ikkje var hjelp å få frå Storbritannia i Valdres. Østbye hadde avgjort at det var uaktuelt å trekkja seg lenger attende enn Vestre Slidre. Ein retrett over Filefjell med utslitne soldatar og avdelingar i oppløysing utsette for kontinuerlege tyske åtak kunne få katastrofale følgjer. Difor heisa han det kvite flagget om ettermiddagen 30. april og møtte general Engelbrecht på Gol hotell om morgonen 1. mai for å skriva under kapitulasjonsavtala for 4. brigade i Valdres (sjå biletet).

Dei fyrste tyske soldatane var natt til 1. mai komne til Lærdal over Hemsedalsfjellet, og no fekk dei fri tilgang over Filefjell der vegen òg var godt køyrande. Engelbrecht sette seg i bilen på Gol 1. mai klokka 10, drog til Valdres i lag med Østbye for å setja i verk kapitulasjonen og snakka med soldatane før han drog over Filefjell til Lærdal for å møta Dahlin.

Kapitulasjonen på Gol var høgdepunktet i Engelbrechts karriere, heiter det i Helge Haugens ferske bok om generalen og infanteridivisjonen hans. Erwin Engelbrecht var ingen kven som helst. Han var sentral i planlegginga av invasjonen, «Operation Weserübung», gjennom vinteren, og han leia infanteridivisjonen som skulle ta kontroll over det sentrale Austlandet. Det var Engelbrechts oppgåve å arrestera kongehuset, regjeringa, Stortinget og generalstaben og ta den politiske leiinga over landet. Det gjekk ikkje som planlagt. Engelbrecht og mykje av divisjonen hans var på «Blücher», og han skal ha vore den siste som forlet skipet før han plaska seg i land i Drøbak og «Blücher» sokk med 4–500 av soldatane hans.

Om Gol morgonen 1. mai var høgdepunktet, vart nok Lærdal om kvelden meir av eit antiklimaks. Dei norske styrkane som vart att på Voss, stod under kommando av oberst Sverre Blom. Etter bombinga av Voss og retrett til Gudvangen og Lærdal vart dei kring 1000 attverande norske soldatane natt til 29. april skipa til nordsida av Sognefjorden der dei etablerte seg frå Skjolden til Leikanger. Den norske planen var no å forsvara landet mellom Sognefjorden og Nordfjord, og det norske sjøforsvaret kontrollerte framleis Sognefjorden. Blom med stab heldt til på Røneid i Luster medan øvstkommanderande på Vestlandet, general Steffens, hadde etablert sin kommando i Førde. Men 30. april kom meldinga frå Hærens overkommando om at forsvaret av Sør-Noreg vart oppgjeve, og Østbye hadde meldt om kapitulasjon i Valdres. Steffens hadde på dette tidspunktet kommandoen over alle styrkar på Vestlandet og i fjellområda på Austlandet frå Valdres og sørover.

Det viktige for Steffens var no å få berga unna dei norske styrkane. Den 30. april gav han ordre om at alle styrkar i Sogn skulle trekkja seg ut til Vadheim og over til Sunnfjord, og klokka 5 natt til 1. mai gav han ordre om demobilisering. Soldatane skulle koma seg heim, våpen skulle leggjast i «tilfeldige» depot under tilsyn av lensmennene, og dei som ville halda fram kampen i Nord-Noreg, skulle ta seg til Måløy.

Då Engelbrecht kom til Lærdal om kvelden 1. mai, var fuglane altså flogne utan at Engelbrecht hadde noko å stilla opp – han hadde knapt ein einaste tysk soldat i Sogn og Fjordane. Fyrst prøvde han å få tak i oberst Blom, sikkert med tanke på ein liknande kapitulasjon som Østbye var tvinga til, men Blom hadde reist utover fjorden. I staden måtte Engelbrecht ta til takke med ein sivil embetsmann, politimeister Dahlin. Rett nok hadde Dahlin òg vore i militær teneste gjennom felttoget som krigspolitimeister for Vestlandet, men i Lærdal møtte han som sivil embetsmann. Ved å trekkja seg unna, gå til demobilisering og unngå kapitulasjon, slapp dei norske styrkane å bli tekne og internerte som krigsfangar slik dei vart i Valdres, og dei greidde å stikka unna våpen som seinare kom til nytte for heimestyrkane. Om kvelden 1. mai klokka 22 medan Dahlin og Engelbrecht sat saman på Lindstrøms hotell i Lærdal, letta eit av marinens sjøfly frå Sandane med general Steffens og stabssjefen hans om bord. Saman med to andre offiserar drog dei til Nord-Noreg for å slutta seg til kampen der.

Sogn og Fjordane vert sjeldan nemnd i samband med felttoget i 1940. Ingen tyske styrkar vart landsette her, og dei fyrste tyske avdelingane kryssa ikkje fylkesgrensa før sist i april. Bombinga som Sogn og Fjordane vart utsett for, kan heller ikkje måla seg med bombinga av Vossevangen, Åndalsnes og Molde. Det er ikkje lett å kvantifisera krigsinnsatsen, og trass i tallause bøker om krigen, er det framleis mange detaljar me manglar om krigshandlingane i 1940.

Den såkalla Eitinger-rapporten frå 1988 kan likevel gje oss ein peikepinn. Ei arbeidsgruppe for krigspensjon leia av psykiater Leo Eitinger skulle på oppdrag frå Rikstrygdeverket finna fram til dei gruppene som vart utsette for så harde påkjenningar under krigen at dei sannsynlegvis ville få psykiske seinverknader. Av dei 55–60 000 norske soldatane som deltok i felttoget i 1940, meinte Eitinger-gruppa at ‘berre’ 12–15 prosent (ca 8000 soldatar) var utsette for så harde påkjenningar. Ingen av styrkane som vart verande att på Vestlandet, oppfylte kravet. Å delta i trefningane på Kvamsskogen eller å bli bomba på Voss, var såleis ikkje nok. Meir kontroversielt var det at gruppa heller ikkje meinte at Altabataljonen som deltok i Narvik, fall innanfor.

Derimot meinte Eitinger-utvalet at soldatane i båe infanteribataljonane frå Fjordane infanteriregiment som vart sende med 4. brigade til Valdres, fall innanfor dei 12–15 prosentane som var utsette for så harde påkjenningar at dei sannsynlegvis ville få psykiske seinverknader. I desse to bataljonane på drygt 1500 mann var minst 1000 frå Sogn og Fjordane. Utan at me har presise tal kan me såleis rekna med at over halvparten av dei mobiliserte soldatane i fylket fall i denne gruppa. Det er høge tal når me veit at kvart av dei mobiliserte årskulla i Sogn og Fjordane hadde godt under 1000 menn.

Dei 25 frå Sogn og Fjordane som miste livet i april 1940, er godt kjende og vert minna, som rimeleg kan vera. General William Steffens og oberst Gudbrand Østbye er òg minna for godt militært leiarskap. Men dei som kom att i live, snakka lite og inkje om kva dei hadde opplevd – krigsopplevingane vart verande ei taus røynsle. «John verka so skræmd når flyi dura over dalen», skreiv ei kvinne i Jostedalen seinare om den 35-årige ektemannen som hadde sprunge for livet under bombinga av Voss. Særleg under og etter frigjeringsjubileet i 1995 byrja ei del av soldathistoriene å koma, og det er små, men dramatiske bitar av dette me har fått gjennom media den siste månaden. Men det samla omfanget av sterke krigsopplevingar i Sogn og Fjordane i aprildagane 1940 har me knapt oversyn over enno. Eg vågar likevel den påstanden at Sogn og Fjordane var mellom fylka som bar dei største kostnadene, ikkje materielt, men menneskeleg, i aprildagane 1940.

 

Litteratur

(Dei fleste bøkene er tilgjengelege i fulltekst på nb.no.)

Bragstad, Jakob. (1996). Fjordane infanteriregiment nr. 10. I gamal og ny tid. Oslo: Elanders forlag.

Dahlin, Finn. (1950). Krigen i 1940. Upublisert rapport skriven til nemnda for krigs- og okkupasjonshistorie i Leikanger.

Eithun, Grethe, Kjell-Ragnar Berge, og Hermund Kleppa. (2005). Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Førde: Selja forlag.

Hansteen, Wilhelm. (1971). Krigen i Norge 1940. Operasjonene til lands på Vestlandet og i Hallingdal og Numedal. (Bd. 15). Oslo: Gyldendal.

Hertzberg, Niels. (1962). Krigen i Norge 1940. Operasjonene i Ådalen og i Valdres. (Bd. 10). Oslo: Gyldendal.

Kleppa, Hermund. (2015). Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940. Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

NOU. (1998). Alta bataljon. Rapport fra et utvalg nedsatt av Sosial- og helsedepartementet januar 1997. Norges offentlige utredninger 1998: 12. Oslo: Statens forvaltningstjeneste. [Med del 1 av Eitinger-rapporten frå 1988 som vedlegg 11.]

Sperle, Gjertrud. (1995). Krig og fred. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 2 1994/95), 54-55.

Svartefoss, Einar. (1994). 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45. Leikanger: Systrond sogelag.

Steen, Erik Anker. (1954). Norges sjøkrig 1940-1945. Oslo: Gyldendal.

Østbye, Gudbrand. (1946). Krigen i Valdres. 4. brigades operasjoner i krigen 1940. Oslo: Cammermeyer.