30 år og verd ein fest

Av Gunnar Yttri, historikar og forfattar av Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I desse dagar er det 30 år sidan dei første studentane i økonomi og administrasjon vart utdanna i Sogndal. Frå og med våren 1985 har det gått ein jamn straum av kompetente kandidatar ut i arbeids- og næringsliv. Høgskulen og gode samarbeidspartar feirar. Utdanninga i økonomi og administrasjon er verkeleg verd ein fest. I 1980-åra vart ho sjølve berginga for distriktshøgskulen.


Oppstarten av den 2-årige utdanninga i økonomi og administrasjon i 1983 markerer eitt av dei største skilja i soga om høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane distriktshøgskule (SFDH) med oppstart i 1975 vart med denne utdanninga på kort tid fullstendig endra. Høgare utdanning i fylket vart aldri meir det same.

 

”Høyers redningsaksjon”
Karl Georg Høyer, sivilingeniør med planlegging som spesialfelt, vart i 1981 rektor for distriktshøgskulen. Han vurderte stoda som kritisk vanskeleg. Etter seks års drift hadde SFDH knappe 120 studentar og 20 tilsette. Satsinga på utdanningar i samfunnsfag og naturfag hadde ikkje gitt den veksten ein hadde håpa på. Fleire år på rad vende departementet tommelen ned for fagleg ambisiøse studieplanar. SFDH merka seg ut i landskapet av nye høgskular som liten og utan vekstkraft. Noko måtte gjerast.
Den 2-årige utdanninga i økonomi og administrasjon var sjølve berebjelken i det som i ettertid kan kallast ”Høyers redningsaksjon”. Planarbeid og politisk grunnarbeid vart raskt og effektivt gjennomført. Departementet under statsråd for kultur og vitskap Lars Roar Langslet (Høgre) gav løyvinga som skulle til for å starta opp den nye utdanninga frå hausten 1983.

 

Frå stagnasjon til studenteksplosjon
Løyvinga gav ny optimisme. Men ingen såg føre seg det som skjedde: Utdanninga i økonomi og administrasjon vart ein studentmagnet utan sidestykke. I 1983 og i 1984 var distriktshøgskulen i Sogndal den distriktshøgskulen i landet som hadde sterkast auke i søknaden. Over tusen søkjarar tevla om 30 studieplassar i økonomi og administrasjon.
Suksessen utløyste nye løyvingar frå departementet. Talet på studieplassar vart auka til 45 og studiet fekk snøgt følgje av fleire nye næringsretta utdanningar, reiselivsøkonomi i 1984 og akvakultur i 1985. Sommaren 1985 var det samla studenttalet ved distriktshøgskulen kome opp i over 400 og talet på tilsette var nær 40. Og veksten og det politiske gjennomslaget heldt fram. I 1994 hadde distriktshøgskulen 850 studentar og var den største høgskulen som då vart fusjonert inn i den nye Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

 

Frå ”motekspert”…
Skiftet i åra frå 1982 vart også godt lagt merke til i samtida. SFDH hadde frå starten markert seg som fagleg ambisiøs og politisk radikal. Personalet vart rekruttert etter universiteta sine faglege standardar. Aktive forskarar kom til Sogndal. Fleire hadde smidd sine faglege ambisjonar og politiske standpunkt på slutten av 1960-åra, i ei tid der omgrepet ”motekspertise” vart forma. Distriktshøgskulane skulle forsyna distrikta med ein ekspertise som gav andre argument og anna kunnskap enn det som vart utforma i byane og i hovudstaden.
Fellesnemnaren for fagmiljøa i naturfag og samfunnsfag ved SFDH vart ”forsvar og vern av dei beste verdiane i lokalsamfunnet”. I det offentlege ordskiftet bidrog fleire av dei tilsette med uredd og forskingsbasert kritikk av sterke samfunnsaktørar i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen sitt nye planleggingsapparat, oljesatsinga på kysten og kraftutbygging langsmed fjordane vart i tur og orden grundig kritisert. Førande politiske og administrative krefter i fylket reagerte skarpt. SFDH vart omtala som ein ”utklekkingsanstalt for politiske framandelement”.

 
…til bølgjeryttar
Utdanninga i økonomi og administrasjon vart starten på ei heilt anna tilnærming ved SFDH. Rektor Karl Georg Høyer, den radikale naturvernaren, leia an i skiftet. Studiesekretær Terje Bjelle festa grepet om planarbeidet. Dei nye utdanningane som heretter vart etablerte tok utgangspunkt i marknadsundersøkingar og kva som var gjeve av politiske signal regionalt og sentralt. Då den økonomisk-administrative utdanninga vart satsa på, var det med grunnlag i at det ikkje fanst slik utdanning mellom Stavanger og Molde, og at både det regionale høgskulestyret og regjeringa Willoch ville ha godt hjartelag for utdanningar som gagna det private næringslivet. No gjaldt det å ri godt og lenge på bølgjene.

 
Den nye tilnærminga gav god utteljing. Veksten i talet utdanningar og studentar innleia ein heilt ny epoke for studiestaden Sogndal og høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Studiet i økonomi og administrasjon gav grunnlag for fleire nye utdanningar, ikkje berre innanfor økonomi. Dette både fordi sjølve utdanninga var relativt billeg å driva og gav god inntening, men også fordi ”øk-adm-faga” lett kunne nyttast til å byggja opp under andre utdanningar. Då sosionomutdanning vart lagt til distriktshøgskulen i 1988 var nett dette viktig grunnlag.
Men skiftet, studenteksplosjonen og Høyer sitt rektorvelde kosta. Distriktshøgskulen vart svekka i høve til samfunnsforskinga. Produktive, tonegjevande forskarar forsvann. Vestlandsforsking, skipa i 1985, vart ny arena for somme, Høyer sjølv mellom desse. Andre reiste frå fylket.

 

Jubilant i praktslag
Bachelor-utdanninga i økonomi og administrasjon ved HiSF har sidan 2011 vore lagt til Avdeling for samfunnsfag, i dag leia av dekan Anne-Grethe Naustdal. Institutt for økonomi og administrasjon er eitt av tre institutt ved avdelinga, og vert leia av Leif Longvanes. I jubileumsåret vert i alt 90 kandidatar utdanna frå fire 3-årige bachelor-utdanningar:
• Økonomi og administrasjon
• Reiselivsleiing
• Eigedomsmekling
• Økonomi og jus
Utdanningane er framleis ein av høgskulens sterkaste studentmagnetar. Med 350 primærsøkjarar våren 2015 er Institutt for økonomi og administrasjon på topp i HiSF.

 

Fine regionale alliansar
Den økonomisk-administrative fagklyngja har i 30 år vore høgskulens viktigaste bidragsytar til det private næringslivet. Fleire kandidatar går også inn i offentleg administrasjon. Undersøkingar syner at langt dei fleste kandidatane tek seg arbeid i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Men stadig fleire studentar går vidare til masterutdanning ved andre høgskular og universitet.
For tida skjer eit særdeles lovande fagleg byggjearbeid. Instituttet driv fleire forskingsprosjekt i nært samarbeid med regionale aktørar i privat og offentleg sektor. HiSF-styret har prioritert nye doktorgradsstipendiat til fagmiljøet. Næringslivet ser seg tente med og tek ansvar for å byggja opp kompetanse. Ein mastergrad i økonomi og administrasjon kan dei næraste åra verta ei av fruktene av byggjearbeidet.

 

Denne teksten sto først på trykk i avisene Firda og Sogn Avis 11. juni 2015.