Gatebilete frå Sopot

Forfattaropphald i Sopot

Skrive av Jon Gunnar Nesse

Frå 4. til 8. juni var vi samla forskarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Vestlandsforsking (VF) og Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) på forfattaropphald i Sopot, Polen. Sopot er ein flott badeby ved Østersjøen, ikkje så langt frå Gdansk. Fagbokforlaget har ei leilegheit i byen som står gratis til disposisjon for dei som skriv bok for forlaget.


Sopot
Det vart litt drama i starten då vi kom og skulle hente nøkkelen på lokalkontoret til Fagbokforlaget. Kontoret var stengt, då 4. juni er ein heilagdag i Polen, på linje med St. Patrick’s Day i Irland. Det meste var altså stengt. Men det ordna seg etter kvart, og vi kom oss inn. Deltakarar utanom underteikna var Ingjerd Skogseid (VF), Kristine Skarbø (NMBU, tidlegare VF) og Øyvind Heimset Larsen (VF). Leilegheita heldt høg kvalitet, med fire soverom, kjøken, bad, vaskerom og stove. Vi rigga oss til og jobba intensivt i tre dagar. Første og siste dag var mest reisedagar.

Jon Gunnar og Kristine jobbar intensivt med ny og gamal teknologi.

Jon Gunnar og Kristine jobbar intensivt med ny og gamal teknologi.

Øyvind jobbar også intensivt før han måtte strøyme Follo-Sogndal.

Øyvind jobbar også intensivt før han måtte strøyme Follo-Sogndal.

Sopot er ein koseleg by med mange restaurantar. Sidan prisane var behagelege, fann vi ut at vi spare tid ved å ete lunsj og middag ute. Men det vart alltid seine lunsjar for vi levde oss slik inn i arbeidet at klokka vart gjerne både to og tre før vi tenkte på lunsj. Frukosten var derimot grei å ta i leilegheita. Sopot har dessutan Europas lengste trepir (over 500 meter), og den måtte vi sjølvsagt gå til endes. Det var også ei flott badestrand, men den hadde vi ikkje tid til å prøve ut.

Kristine og Ingjerd på Ristorante Tesoro.

Kristine og Ingjerd på Ristorante Tesoro.

 

Bokprosjektet
Bokprosjektet vi jobbar med no har arbeidstittelen «Innovasjonsøkosystem» og baserer seg mykje på den forskinga IØA og VF har drive den seinare tida. Mange andre frå IØA skal vere med i boka, og vi har også danskar og sunnmøringar med. Frå IØA har vi Kristin Løseth, Johannes Idsø, Torbjørn Årethun og Ove Oklevik med. Dei var ikkje med til Sopot, så vi må ta oss eit seminar seinare.

 
Boka «Innovasjonsøkosystem» byggjer i hovudsak på forskingsprosjektet VRI, men også på ein del andre prosjekt, og vi må spesielt nemne doktorgradane til Kristin Løseth (IØA) og Ingjerd Skogseid (VF), som har viktige bidrag inn mot boka. EU-prosjektet SECRE (Social Enterprises for Community Renewal Energy) er dessutan representert i boka med ein artikkel av Ove Oklevik, Jon Gunnar Nesse og Johannes Idsø.

 
VRI står for «Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon», og var finansiert av Fylkeskommunen, Forskingsrådet og av eigeninnsats frå Institutt for Økonomi og Administrasjon (IØA) og Vestlandsforsking. Prosjektet har gitt ut ei rad med forskingsrapportar som er å finne på Internett. Så langt har prosjektet dessutan resultert i ein internasjonal vitskapleg artikkel (Strand og Skogseid frå VF) og fire bidrag i internasjonale proceedings (ved Torbjørn Årethun, Ove Oklevik og Jon Gunnar Nesse frå IØA) og eitt bidrag i Fjordantologien 2014 (Kristin Løseth og Jon Gunnar Nesse i samarbeid med Skogseid, Larsen, Skarbø og Ekström frå VF). Viktige eksterne samarbeidspartnarar utanom folka vi samarbeidde med på VF er professor Jon Ivar Håvold frå Høgskolen i Ålesund (snart NTNU) og professor Henrik Halkier frå Aalborg Universitet.

 
Viktige tema i VRI var etablering og utvikling av nettverk, og også innovasjon og entreprenørskap. Dette er omfattande område, og vi samla inn mykje data, både kvalitative og kvantitative. Dei kvalitative data er henta gjennom intervju med fire nettverk innan område som reiseliv, it, energi og frukt & grønt. Dessutan intervjua vi representantar for to bedrifter innan fiskeoppdrett. Poenga med desse intervjua var å kartlegge drivarar og hindringar for etablering og utvikling av innovative nettverk.

 
Kvantitative data vart samla inn gjennom spørjeundersøkingar retta mot 12 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane og to på Sunnmøre. Dessutan fekk vi tilgang til Framtidsfylkets database med over 3000 personar; relativt unge personar med høg utdanning som hadde registrert seg som interesserte på jobbmesser eller på internettsida til Framtidsfylket. Dermed hadde vi høve til å samanlikne geografisk mellom Sogn og Fjordane og Sunnmøre, og over livsfasar mellom elevar i vidaregåande skule og ferdig utdanna kandidatar. Døme på tema i desse spørjeundersøkingane er entreprenørlyst, eldsjelfaktor og karriereanker. Vi spurde også om viljen til å bu og arbeide i eige fylke.
Med så mykje datatilfang er det viktig å formidle resultata på meir tilgjengelege måtar enn i forskingsrapportar og internasjonale artiklar, og det er hovudpoenget med boka «Innovasjonsøkosystem».

 
Vi takkar Fagbokforlaget for lån av leilegheita, og vår instituttleiar Leif for å dekke sjølve reisa. Dette er eit godt tilbod som eg vil tilrå alle som skriv for Fagbokforlaget å nytte seg av. Mat og drikke dekka vi sjølve, så her var det eit godt trekantsamarbeid for å få dette til.