Eit slagskip av ein gitar

Neil Young og Odd-Erik Lothe har minst ein fin ting felles. Dei har laga nydelege songar på ein gitar som fyller 100 år i desse dagar.

Tallause songskattar har vorte til og er framført på den gode reiskapen. Det er Dreadnaught-gitaren til den amerikanske  gitar-makaren C.F. Martin & Co. det er tale om.  Etter at Martin-fabrikken tok opp produksjonen  av «the Dreadnaught» , eller D-modellen,  vart gitaren utvikla i fleire steg. Men heilt frå starten i 1916, var  D-modellen større enn samtidas gitarar og hadde ei særskild utforming.

 

Ein ny standard

Særleg frå slutten av 1930-talet vart det D-modellen som sette standarden for andre gitar-makarar. Framståande country-artistar som Gene Autry og Hank Williams nytta då D-modellen og vart førebilete for andre artistar.

På 2010-talet lagar C.F. Martin & Co framleis «the Dreadnaught». Nokre av dei finaste og dyraste gitarane vert  utforma i samarbeid med samtidige framståande artistar som Seth Avett frå Avett Brothers. Andre  får namn etter avlidne artistar som Johnny Cash og John Lennon, som båe i si tid gjorde fine ting på nettopp D-modellen.

 

Dei gode songane og den fine lyden

Ei rad  songar har vorte laga på nett denne gitar-modellen. To klassikarar som får fram kor fin gitarlyd det er tale om er Neil Yongs «Heart of Gold» , og Pink Floyds «Wish You Were Here»

Handfaste døme på kor bra gitarar dei lagar kombinert med reklamekampanjar, bidreg til at C.F.Martin & Co, skipa i 1833, i 2016 er eit blømande føretak.

 

Slagskipet

Tilbake i 1916 var det heilt andre måtar å selja gitarar på. Den nye, store gitaren fekk namnet etter eit av dåtidas største under: Det nye, gigantiske  slagskipet til The Royal Navy, ein farkost  som skulle sjå til at britane heldt fram med å regjera på havet til evig tid. Slagskipet – the Dreadnaugth hadde dimensjonar og utrustning som sikra at ein ikkje trong vera redd for noko som helst, difor namnet – «dread not».

Martin-fabrikken starta produksjonen av D-modellen knappe to år etter utbrotet av Den første verdskrigen. Det seier litt om populariteten og beundringa for britisk marin og militærmakt i USA at det vart rekna som salsfremjande å namnsetja ein gitar på denne måten.

Amerikansk handverk

I samband med 100-års jubileet har  C.F. Martin & Co.  laga både bok og film om  «the Dreadnaught». I marknadsføringa vert det  spelt på instrumentet sin glamorøse historie og bruk, og ikkje minst det fine handverket som ligg til grunn. Verksemda er likevel for respektfull og kunnskapsrik til å ymta om at det er «verdas beste gitar». Det er mange andre fine gitar-makarar der ute. Men C.F.Martin & Co. held fast ved dette; i storm og stille er «the Dreadnaught» til å lita på.

Ein som har fått røyna dette er Odd-Erik Lothe. Dei som har opplevd Odd-Erik på scena dei 20 siste åra veit at Martin-gitaren hans vert traktert på ulikt vis; frå fint fingerspel til rytmisk drivande rock & roll. Men om musikaren alltid har kunna stola på gitaren, har det ikkje alltid vore det same hin vegen. Minst to gonger har gitaren vorten slegen sund.  Stikkord: nachspiel og slepphendt  bassist. Men gode gitarar kan heldigvis ofte reparerast. Gitareigaren har fått sitt kjære intrument tilbake i fin stand. Eitt av mange fine resultat er på siste plata til Lothe, «Den finaste songen».

 

Hank og Neil

Velhaldne Martin-gitarar frå  1930- og 1940-åra er særs ettertrakta og vert omsette for summar ein elles reknar som vanlege for når bilar skal handlast. Det er ulike grunnar til dette. Ein god akustisk gitar kan utvikla seg og verta eit stadig betre instrument. Trevyrket og instrumentet er i endring. Dertil hadde dåtidas gitarar særleg fint trevyrke og kan hende detaljert handverk som i dag er vanskeleg å oppdriva.

Ein av dei som har drive jakta på eldre, fine gitarar lengst er Neil Young. Han er eigar av legenda Hank Williams sin gamle D-modell (D-28).  Country-legenda Williams, mannen bak songar som Jambalaya, You Win Again og I`m So Loneome I Could Cry ,  døydde i baksetet på ein Cadillac, 29 år gamal, nyårsdag  I 1953.

«Prairie Wind» frå 2005, ei av Neil Young sine verkeleg sterke plater i nyare tid, er i sin heilskap spela inn med Hank Williams sin gamle D-28. Ein av songane, «This Old Guitar»   er ein fin, liten ode til gitaren og den førre eigaren.

 

Gitaren frå Nasaret

The Band sin «The Weight», er ein av dei verkeleg store songane frå 1960-åra. Dei bibelske vendingane i teksten, der Moses, Lukas og djevelen sjølv går att i persongalleriet, skal vera inspirert av trommeslagar Levon Helm sine oppvekstår i det amerikanske bibelbeltet i Sørstatane.

I ettertid står songen fram som ein heilskap der tekst og musikk går saman i ei større eining. Men skrivinga av songen var oppdelt. Melodien og musikken kom rett nok snøgt på plass for komponist og gitarist Robbie Robertson. Men det var eit strev å skriva ein god tekst. Løysinga låg i Robertson sin Martin-gitar. Robertson spela melodien på gitaren, men utan å koma nokon veg med teksten. So la han gitaren på rygg på eige fang og såg inn i gitarholet. Der var produksjonsstaden til Martin-gitaren inngravert: Nazareth, Pennsylvania. Dermed kom  den første forløysande  linja i «The Weight»  på plass.: «I pulled into Nazareth, was feelin’ about half past dead.»

Resten er gylden musikk-historie.

 

Kjelder

Acoustic Guitar, No. 278, February 2016

C.F.Martin & Co., The Martin Story, https://www.martinguitar.com/about/martin-story/

Korrespondanse (messenger) med Odd-Erik Lothe, 11. april 2016.