The Impossible Profession

 

Scott Miller, psykolog frå Chicago og Kerstin Søderstrøm, psykolog får Norge  vitja sist veke Sogndal. Miller syner til studie frå USA som har funne at fagpersonar ikkje er blitt flinkare til å behandle pasientar dei siste 40 åra. Vi har meir kunnskap om kva som verkar, men ikkje korleis.

Why?

Scott Miller er oppteken av at i alle prosessar med fagutvikling, how-to/korleis kunnskap og utvikling av instrumental behandling, vart inkludering av brukarane gløymd.

 

Barnet i mente

Kjerstin Søderstrøm har i si forsking hatt fokus på den yngste målgruppa som fagfolk yter hjelp til, nemleg borna. Andre gonger er det dei vaksne som får hjelp og dei yngste vert gløymde. Behandlingslinja til denne gruppa legg vekt på samspel mellom alle som er involverte. Fokuset i dette samarbeidet bør være å bli bevist: Kva skaper endring, kva skaper refleksjon, kva skaper forutsigbarheit

 «Mange terapeuter har jobba så hardt, så lenge uten at det har blitt endring» Scott Miller

Ut av komforsona

Begge forelesarane la vekt på endring som både eit behov og eit virkemiddel. Det er for lett å bli værande i det trygge, forutsigbare og gjere det vi alltid har gjort. For å utvikle oss som fagpersonar, oppmodar dei til:

  • Fagfolk må dele sine gode erfaringar
  • La brukarane stå i sentrum for avklaring av utfordringar og framdrift. Spør brukaren kva som virka
  • Bevisstgjering av relasjonar: kva forventar brukaren, kva er behandlaren sine svakheit og styrke

 

Changing human behavior

Scott Miller viser til resultat frå undersøkingar som seier at nyutdanna slutta å utvikle seg etter 50 timar. Det betyr at lang erfaring ikkje er einstydande med god praksis.

Betyr dette at det er tid for kulturendring i tenesteapparatet?

Fragmentert tenesteorganisering, «henvisarkultur» (ein tenesteytar gjer seg ferdig med sin jobb med brukar og sender brukar vidare til neste teneste) og lite refleksjon over heilskapleg hjelp er utfordringar teneste må ta meir på alvor. Teneste apparatet bør skape kultur for feedback. Kanskje positive og nyttige endringar kjem av seg sjølve om tenestene har  ein «korleis jobbe i lag» kultur? Brukarane har behov for at tenesteapparatet tenkjer heilskapleg på ein slik måte at alle nivå og alle deler i alle system heng saman

 

How?

For å bli den gode hjelpar må det øving til. Vi må trene på nivå med idrettsutøvarar. Treninga må få oss ut av automatiserte tankar og handlingar, ikkje gjere om igjen og om igjen det som vi hjelpar alltid har gjort, fordi det er tryggast.

Vi jagar etter meir teoretisk kunnskap og kompetanse. Samstundes gløymer vi å øve på det elementære:

Skape kontakt og bli bevist styrke og svakheit med relasjonen.

Her kan du lese meir om Scott Miller sitt innlegg på www.napa.no: 40 år uten psykisk helse fremskritt