Fagleg profil – Høgskulen på Vestlandet

Frå nyttår finst ikkje lenger Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Dei vert erstatta av den nye Høgskulen på Vestlandet. Ambisjonen er at den nye høgskulen skal bli universitet. Departementet sitt krav for at Høgskulen skal få bli universitet er mellom anna at ein har 4 doktorgradsutdanningar med eit minimum tal utdanna doktorar. Men det spørs om det er så enkelt.

Universitetet som ide femner om langt meir enn 4 doktorgradsutdanningar. Universitetet er «universitas» i meininga fagleg breidde. Sjølv om ein kallar seg universitet med profesjons- eller yrkesprofil kan ein ikkje skrive seg vekk frå omverda sitt krav og forventing til fagleg breidde. Sett frå utlandet har norske styresmakter sine kriterier for å vere universitet lite eller ingen verdi; skal ein få fagleg omdømme sør for Stavanger og vest for Måløy må ein også ha breidde.

Norske politikarar måler ofte universitet og høgskular sin verdi i høve til om dei kan fylle arbeidsmarknaden med folk med rett yrkeskompetanse og oppfinningar som rask kan gje vinst for næringslivet. I eit slikt perspektiv er høgare utdanning berre ein statens tenar for å fylle mål politikarane sjølv har sett for staten. Eit universitet byggjer på andre idear og har andre mål enn det. Utdanning er noko meir enn bare å kvalifisere til eit yrke.

Universiteta hadde alt i middelalderen sjølvstyre garantert av paven. I 1158 gav keisar Frederik Barbarossa universiteta sitt sjølvstyre vern gjennom lov. Dette var viktig fordi universiteta sine oppgåver med å utvikle og formidle kunnskap var omstridt. At ein til dømes skulle gje forelesingar i romarrett ved Universitetet i Bologna rundt 1100 var det mange som tykte lite om, men dei gjorde det fordi dei hadde fagleg autonomi. Sjølvstyre er framleis ein sentral verdi for eit (ekte) universitet.

Frå eit møte mellom doktorane ved Universitetet i Paris

Frå eit møte mellom doktorane ved Universitetet i Paris

Då ein oppretta Humboldt-universitetet i Berlin i 1810 sto ein mellom to val; eit stats-tenande og patriotisk universitet eller en institusjon som skulle vere uavhengig (autonom) og kritisk. Ein valde ein uavhengig og kritisk institusjon som skulle gje allmenndanning, ikkje berre yrkesutdanning. Å fritt kunne formidle kunnskap og skape ny kunnskap vart sentrale og bærande verdiar for universiteta. Og slik er det enno. Men verdiar som ein ikkje etterlev har ingen verknad. Kven treng fyrtårn om ein siglar rett på land uansett?

Skal Høgskulen på Vestlandet bli universitet må ein tenkje over kva verdigrunnlag ein skal ha. Eigentleg bør ein det i alle fall. Og skal det verdigrunnlaget gje omverda signal om at vi er eit universitet må allmenndanning og fagleg breidde vere med. Diskusjonen om disiplinfaga og «det fjerde fakultetet» kan vere viktigare enn vi trur, og langt viktigare enn utsjånaden på organisasjonskartet. Dette gjeld i alle fall om ambisjonen om å verte universitet skal realiserast.

Verdgrunnlaget til Humbolt-Universitetet i Berlin