Høgare utdanning og toppfotball

Eirik Bergum Skaasheim og Eirik Birkelund har i fleire år kombinert toppfotball i Sogndal Fotball med høgare økonomi-studiar. Korleis er det mogleg? Svaret er at det finst fleire og ulike vegar til mål. Skaasheim og Birkelund har hatt heilt ulike måtar å studera på. Men begge har arbeidd mykje og begge har lukkast.

Les gjerne min samtale med dei to om toppfotball og høgare utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Frå venstre: Eirik Skaasheim og Eirik Birkelund

Eirik Bergum Skaasheim

Fødselsår: 1993

Tidlegare klubbar: Balestrand, Høyang, Hødd

Posisjon på bana: Høgre back/kant, midstroppar («altetande»)

Høgare utdanning: Fullførde bachelor i økonomi og administrasjon våren 2017

Utdanningsambisjonar: Siktar mot maser-studiar i økonomi og administrasjon, gjerne ved Noregs handelshøgskule.

 

Eirik Birkelund

Fødselsår: 1994

Tidlegare klubbar: SK Trane, Brann, St. Etienne

Høgare utdanning: Er i god gang med andre året på bachelor i økonomi og administrasjon.

Utdanningsambisjonar: Tek so mykje som mogleg av økonomi-utdanning i Sogndal. Siktar mot medisin-studiar etter avslutta fotballkarriere.

 

 

Kva utdanning har de?

Skaasheim: – Eg tok realfaglinja på Sogndal vidaregåande skule. So har eg tatt 3-årig bachelor i økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Det har vore litt oppstykka. Eg gjekk rett frå vidaregåande i 2012. Første året ved høgskulen tok eg fem eksamenar, men so krasja det mykje med kampar og eksamenar i mai. På den tida gjorde eg alt på eiga hand. Men no har det kome til ei formalisert ordning for toppidrettsutøvarar, slik at eksamensdatoar vert tilrettelagt i høve til kampar. Men slik var det ikkje i byrjinga for meg og eg sette meg heller ikkje inn i det. Og var det kollisjon mellom kampar og eksamen, so droppa eg eksamen. Difor vart det litt oppstykka. So spelte eg ei stund for Hødd. Den våren tok eg berre to eller tre eksamenar. Men no er eg i mål!

Birkelund: – Eg har fullført første året på bachelor-studiet i økonomi og administrasjon, og tok alle åtte faga første året. Eg opplevde at det gjekk greitt. Det gjekk an å gjera begge deler utan at det gjekk utover noko. Før eg kom til Sogndal tok eg vidaregåande skule. Det gjorde eg stort sett åleine. Eg gjekk på toppidrettsgymnas (realfag) i Bergen i to år før eg flytta til Frankrike og spelte fotball for St. Etienne i halvanna år. So då måtte eg fullføra vidaregåande skule åleine. Det var utan undervisning. Eg tok halve andre klasse og heile tredje klasse som privatist. Då fekk eg på ein måte øvd inn studieteknikkar før eg byrja på høgare utdanning.

 

Kan du fransk etter tida i St. Etienne?

Skaasheim: – Han fungerer stadig som tolk for fransktalande spelarar på laget.

Birkelund: – Vel, eg snakkar brukbart fransk.

 

Kva er dei sportslege ambisjonane?

Birkelund: – Sogndal er eit fantastisk springbrett. Det er flotte rammer her og eg gir alt for klubben, men på sikt har eg lyst å ta eit steg vidare. Eg har vore ute i Europa før og har lyst til det igjen.

Skaasheim: – Eg er litt i den andre enden. Eg spelar fotball for å kosa meg. Kosar eg meg so vert eg betre. Eg har alltid vore fast bestemt på at eg skulle studera ved sidan av, eg la ikkje alt eg hadde på bordet og sa at «eg skal bli fotballspelar».  No har eg hatt ei fin tid i Sogndal og har klart å ta studiar som er viktige for meg. No har eg tatt ein del og eg har planar om å gå vidare til master. Det som skjer med fotballen, det skjer.

 

Kva er utdanningsmåla dykkar?

Birkelund: – Eg tok eksamenar på vidaregåande skule med sikte på å få gode nok karakterar til å studera medisin. Karakterane er slik at eg kan byrja på medisin når det passar. Eg har vore i kontakt med Universitetet i Bergen om dette, men opplegget no med mykje obligatorisk gjer det umogleg for meg å kombinera det med fotballen. Eg har lagt det på is. Men eg har også stor interesse for finans og økonomi, og vil studera det i mellomtida. Å ta økonomistudiet her er ei fin avkopling etter trening.

Skaasheim: – Det er eit mål å ta masterprogram ved NHH. Det er ingen problem å gå vidare der med bachelor frå Sogndal. Fleire av dei eg studerte med har tilsvarande planar.

 

Ville du ha teke masterprogram i økonomi om det låg i Sogndal?

Skaasheim: – Ja, då trur eg at eg hadde villa gått rett på masteprogram etter fullført bachelor.

 

Har de noko favorittfag på bachelor i økonomi og administrasjon?

Skaasheim: – So lenge det er tal so jobbar hovudet av seg sjølv. Det er ikkje so krevjande. Men å sitja og lesa og pugga, det går, men det vert lett kjedeleg. Tal er enklare for meg, då går alt  av seg sjølv. Eg likar godt fag som anvendt finans, finansiering og investering.

Birkelund: – Det kjekkaste faget første året var investering og finansiering. Det kan du relatera til prosjekt i verkelegheita. Ein kan setja seg inn i situasjonar som ein kan rekna på, og det er gøy.

Slik toppfotballen er organisert, er opplegget at det å vera fotballspelar er fulltids arbeid. Kvifor satsar de likevel på høgare utdanning i tillegg?

Skaasheim: – Først og fremst; du kan ikkje spela fotball til du er 60-70 år.  Nålauge for å pensjonera deg når du er 35 år, det er frykteleg trongt. Når ein tek utdanning, so er det fordi ein tenkjer på framtida. Det å vera fotballspelar er ein fulltidsjobb. Sjølv om me kan sitja her klokka 13 og prata med deg etter trening, so dreiar alt du gjer heile dagen rundt fotball. Du har det i hovudet heile tida, det er mat, det er søvn, du kan ikkje springa på ein fjelltur når du har lyst.   Men me har faktisk moglegheita til å sitja ein del i ro og lesa. Det har verkeleg vore krevjande år. For ein kunne ofte ha tenkt seg å ta fri når dei andre tek fri. Men for  min del har det vore verdt det.

Birkelund: – Det handlar om prioriteringar. Sjølv om det er mykje treningar, so lagar eg meg tid, nokre fåe timar, til å lesa mellom treningane. So lenge du er strukturert og har ein plan på at du skal gjera det, so kan du lesa litt kvar dag. Då slepp du å få desse…

Skaasheim: – Eg tek meir skippartak enn han!

Birkelund:  – Eg likar godt å byrja tidleg og ha litt studiar kvar dag. Eg trivst best med det. Men det krevjande. Du må villa det, elles so går det utover anten det eine eller andre.

 

Forstår eg deg rett, Birkelund; etter fotball-karriere so vil du studera medisin, men medan du er heiltidsfotballspelar, so studerer du likevel økonomi for fullt. Kva er det som driv deg?

Birkelund: – Lyst og interesse er det aller viktigaste. Når eg skal heim etter trening, so ser eg eigentleg fram til å læra. Det høyrest kanskje litt framandt ut for ein del, men det er slik det er. Eg trivst godt med det. Det er slik som Skaasheim seier, du har fotball i hovudet heile tida. Etter ein kamp, for eksempel, so likar eg å kopla av med å lesa og å tenkja på noko anna. Det er ei fin avkopling. Medan andre spelar PlayStation, so går det an å lesa òg.

 

Skaasheim: – Det er slik Birkelund seier om livet som fotballspelar. Du startar veka  og so byggjer du alt opp mot kamp, på kampdagen skal du vera på toppen. Dagen etter skal du pusta ut. Men då er det rett på høgskulen for oss. Det er på ein måte bra, for elles vert ein gåande lenge høgt der oppe.

 

Fotballkampar handlar om å prestera maksimalt dei minuttane ein kamp varer. Dersom heile veka di handlar om å byggja seg opp til kamp, og kampminuttane er det einaste viktige i livet, kan dette gje eit stort psykologisk press på unge spelarar. Verkar studiane slik at dei avlastar dykk litt for alt presset ved at de også har noko anna viktig å fokusera på?

Skaasheim: – Eg har aldri vore plaga av å kjenna på stort press. Men slik som i mai der ein spelar kamp kvar tredje dag og har fire eksamenar som student, so er det veldig krevjande. Du veit det berre er i ein periode og du kjem inn i ein rytme der du går på auto-pilot. Du spring frå skulebøker og til trening og tilbake. Eg opplevde faktisk at eg hadde ein sportsleg opptur i den perioden. Du rekk ikkje å tenka på noko, du veit kva som er krava og so er det berre å gjera det. Lesing og fysisk aktivitet kompletterer kvarandre godt.

Birkelund: – Lesing og studiar har aldri…, altso om eg kjenner at eg må sova eller gjera andre ting for å verta klar til trening, so har eg gjort det. Studiane har alltid vore i andre rekkje hjå meg. Men likevel har eg på ein måte klart å gjera det på fulltid. Plan og struktur gjer det mogleg. Prioritering er nøkkelen. Men du må vera 100% klar når kampen byrjar. Ein måte å gjera det på er å kopla av med lesing og studiar utanom trening. Eg vil likevel ikkje sei at det avlastar noko press for min del. Fotball har uansett alltid vore det aller viktigaste. Resultata på skulen betyr lite i forhold til fotballen. Om eg har fått ein seksar på ein prøve, so betyr det lite om laget har tapt og eg har prestert dårleg. Men eg trur det er ein slags samanheng på den måten at om du er nøye med fotballarbeidet, so er du også nøyen med skulearbeidet. Går du inn for å gjera fotballarbeidet skikkeleg, endar du gjerne opp med å gjera begge deler skikkeleg.

 

Er det kanskje slik at når ein trenar og er i god fysisk form so er det lettare å konsentrera seg om studiar?

Skaasheim: – Trening gir energi, men ein del treningar er også veldig utmattande, torsdagstreningane for eksempel. Du er sliten når du kjem heim. Det er utmattande og det er tungt. Ofte treng ein eit par timar på å ta seg inn att. Slik sett hadde det vore lettare å gå frå skule og til trening, enn frå trening og til skule, for studiane sin del.  For fotballen sin del er morgontrening heilt klart å føretrekka.

Birkelund: – Dei dagane der me har middels harde treningar, kan eg gå heim etter lunsj og jobba litt skule, so gå tilbake att for ei ny treningsøkt. Eg opplever at eg kan vera veldig klår i hovudet mellom treningane, og trur nok at fysisk aktivitet har positiv innverknad på studiet. Men berre for å skyta inn; for å få desse dagane til å gå opp, so må du sova nok om natta. Om du ikkje gjer det, so er du ferdig.

Skaasheim: – Eg arbeider nok best med studiane når det nærmar seg eksamen, når kniven nærmar seg strupen. I slike periodar kan eg sitja oppe og lesa til klokka 2 om natta. Men eg er fullt klar til trening dagen etter, og ny studieøkt etter det.

 

Det høyrest ut som om de studerer etter to heilt ulike modellar.

Skaasheim: – Ja, det stemmer. Eg presterer best når eg må. Men det har gått kjempebra.

 

Det er berre fint at det finst fleire måtar å studera på. Har de hatt noko utbytte av studentmiljøet eller er de solo-ryttarar?

Birkelund:  – Det første året var eg ikkje på ei førelesing. Det er overhovud ikkje noko prinsippsak. Det er berre for å leggja det best mogleg opp mot fotballen. Men eg er også van med å lesa på eiga hand frå tidlegare. So har eg studert litt saman med andre som kombinerer studiar og fotball,  Haavard Mjellelid, Matthias Flo og Fredrik Flo. Me har jobba saman i gruppe. Det er vel eigentleg dei tre andre studentane eg kjenner på studiet. Programmet er so pass fullt at det ikkje vert rom noko studentliv. Fadderveka, for eksempel, kan du berre sjå langt etter.

Skaasheim: – Alle seier at det å vera student er ein av dei kjekkaste periodane i livet. Men det eg eigentleg opplever er at det ikkje so kjekt, for det  er ikkje so lett å koma med i det sosiale, du blir ikkje kjent med folk. Alt eg forbind med å vera student er at eg må verta klar til eksamen. Resten tek du ikkje del på, for du får ikkje starta opp på morgonen, då det er trening. So det å gå på førelesing og prata skit i pausane, det manglar. Det er liksom litt ork, du må vera innstilt på at du skal i gjennom det. Det går ikkje av seg sjølv, Opplevingane totalt sett vert å bli klar til eksamen og å ta eksamen. Dersom du spør ein vanleg student, so vil det ogso vera det han likar minst, reknar eg med.

Birkelund: – Det er to heilt ulike ting det å vera fotballspelar på heiltid og studera samtidig, og det å berre vera student. Grunnmuren i dagen vår vert lagt av fotballen. Og sånn skal det vera, i alle fall for min del når du spelar på dette nivået. Den sosiale biten og kantinepraten, for oss er det garderobepraten. Det er klart at den dagen eg sluttar med fotball, so kjem eg til å sakna garderoben. Slik sett, eg er eining med Skaasheim i at eg kunne ha tenkt meg å vera i studentmiljøet, for det er noko spesielt som du vil hugsa resten av livet. Men eg tenkjer eg er frykteleg privilegert som får spela fotball på dette nivået. Eg ville ikkje ha bytt for noko.

 

De nemnde at det har vore endringar i tilrettelegginga for å kombinera toppidrett og høgare utdanning. Kan de seia litt meir om det

Skaasheim: – Då eg byrja å ta høgare utdanning ved sidan av fotballen, so var eg den einaste som heldt på med dette. Men no er det meir ei lita gruppe.

Birkelund: – I 2016  var det eg og Fredrik Flo som byrja. Det er klart at eg hyllar høgskulen for tilrettelegginga som er gjort for meg. Eg hadde ikkje hatt moglegheit for å fullføra alle faga om ikkje eg hadde hatt høgskulen på lag. Med status som toppidrettsstudent, so fekk me tilrettelagt med eigen eksamen på eit tilpassa tidspunkt i nokre av faga. Det sette eg stor pris på for elles hadde eg ikkje hatt moglegheit til å gjera dette. Det at høgskulen spelte på lag var heilt fantastisk og det håpar eg kan halda fram. I haustsemesteret er det mindre behov for tilpassing, men når du kjem på våren og det er tett med trening og kampar og knapt med fridagar. Då er du heilt avhengig av å få tilrettelagt studiet.

Skaasheim: – Då eg byrja visste eg ikkje at det var noko som heitte «toppidrettsstudent». Eg fekk vita det i 2016. Men eg gjorde meg ikkje nytte av ordninga. Passa det med eksamensdatoen, so passa det. Om det ikkje passa, so kasta eg inn handkledet og tok eksamen neste semester.

Birkelund: – Det er litt skilnad på meg og Skaasheim. Han les intenst opp mot eksamen, medan eg byrjar gjerne å lesa før semesteret byrjar. Då er det veldig kjekt for meg å få gå opp til eksamen til planlagt tid.

Skaasheim: – Det syner seg at det er mogleg å få tilpassa opplegg. Men eg for min del har ikkje hatt nokon dialog med nokon på høgskulen eller med Sogndal Fotball. Eg har fått noko fri frå fotballen på eksamensdagar, men eg har aldri hatt noko tilpassing. Eg har kome godt gjennom studiet på dette viset. Men det tok eit eller to år ekstra.

 

Kva har vore dei største overraskingane på godt og vondt med å kombinera toppfotball og høgare utdanning?

Skaasheim: – Det største minuset, det du kjem på først, det er at mai månad er utruleg krevjande. So er det ved avslutta sesong, du skal pusta ut og samla krefter til å byrja på nytt i januar, men då går du rett inn i eksamensperiode. Alle lagkameratar stikk av garde på ferie og du sit att i Sogndal og gjer deg klar til eksamen. I 2016 hadde eg siste eksamen 18. desember og hadde etter det ferie i to veker før ny sesong opna. Eg tykkjer på eit vis at eg ikkje har hatt skikkeleg ferie på fire år. Juletida er jo kav og spetakkel uansett, so du får aldri den lange pausen til å henta deg inn att.

Birkelund:  – Eg er einig at det er tungt å gå rett inn i eksamensperiode etter endt sesong, men det vert jo ei prioritering.

Skaasheim: – Særleg i sesongar der Sogndal har kniven på strupen, og det er ikkje so sjeldan, so er utladninga enorm etter sesongslutt. Men det går.

 

På hi sida; det må vera smått fantastisk å ha vore toppfotballspelar og samstundes kunne visa til fullført høgare utdanning?

Skaasheim: – Det er fantastisk bra, ein kjempefordel. Eg har spelt på toppnivået i fleire år og har tre års høgare utdanning utan å ha ei krone i studielån.

Birkelund: – Du får ei gulrot etter at du har lagt ned mykje arbeid. Og du får påfyll frå ei anna side av livet, som i alle fall eg set stor pris på.

Skaasheim: – Det er godt å skulla prestera på to arenaer. Det er det. Om det går bra ein plass og dårleg ein plass, om det går bra begge plassar eller dårleg begge plassar, so kan det vera veldig godt å ha to ting å konsentrera deg om. Det kan vera veldig godt.

 

Men de er ganske tydelege på at eit godt resultat på eksamen ikkje veg opp for dårlege sportslege resultat

Birkelund: – Nei, overhovudet ikkje!

 

Er det noko meir de vil seia før me avsluttar praten?

Skaasheim: – Ein ting; for den som skulle vera interessert i å kanskje kasta seg på både toppfotball og studiar, so er det viktig å presisera at uansett kor god tilrettelegginga er mellom klubb og organisasjon og høgskule eller universitet, so hjelper ikkje det deg å læra stoffet. Det er du sjølv. Du må sjølv læra deg alt saman og alt som krevst for å gå opp til ein eksamen. Uansett kor godt samarbeidet er, so er det krevjande og det er du sjølv som må gjera det.

Birkelund: – Eg er heilt eining. Det krev disiplin og eg trur du må villa det. Di meir du vil det, di større interesse du har for å få det gjort, di lettare blir det

(Samtalen fann stad i august 2017).