Oppføringer av Anne-Grethe Naustdal

Nye studentar og politiattest

Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg. Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- […]

Kompetansekrav i høgare utdanning må avklarast!

I 2015 og 2016 har førstelektor og dosentar sitt faglege ansvar og fullmakter vorte søkt snevra inn av regjering, universitet og høgskular. Samstundes har førsteamanuensar og professorar sin posisjon blitt tilsvarande styrka og utvida. Retningsgjevande vedtak vert gjort utan grunnlag i gjeldande regelverk og utan omsyn til at nye forskrifter om ulike kvalifiseringsvegar og kompetanseformer […]

Deling som drivkraft

Høgskulen på Vestlandet blir etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Desse to setningane er henta frå fusjonsplattforma som den nye høgskulen skal byggjast på. Vi har føresetnader for å lykkast, men det fordrar at vi  koplar kunnskapsbygging med god bruk av teknologi.

Sjå til Høyanger! Frå lita bondebygd til moderne industrisamfunn.

I Høyanger samfunnshus var det fredag 13.november ei flott boklansering for flunkande nytt historieverk i to bind: Vatnet, verket og byen: Høyanger 100 år. 1915 – 2015. Å kunne lansere dette bokverket nøyaktig 100 år sidan skipinga av Norsk Aluminium Companie (NACO) – Høyangerfaldene –  13. november 1915, er verkeleg ei stor hending. Skipinga av NACO […]

Utdanningskvalitet – krev kontinuerleg fokus

Krava til kvalifikasjonar og kompetanse til kandidatane vi utdannar er høge, både frå oss sjølv, frå Kunnskapsdepartementet, frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning og frå sektorane vi utdannar til, altså arbeidslivet. Utdanning og forsking av høg kvalitet er rett og slett avgjerande for å møte endringane samfunnet vårt står overfor. For å lykkast må […]

Skikka for yrket?

Erfaringar frå arbeidet som skikkaansvarleg ved HiSF 2006-2015 Av Anne-Grethe Naustdal   Skikkavurdering  er eit viktig virkemiddel for å sikre at utdanningsinstitusjonar utekseminerar kandidatar som innfrir forventningar samfunnet stiller til profesjonelle yrkesutøvarar. Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til,  omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Forskrifta […]