Helene Maristuen er høgskulelektor og koordinator for BA i reiselivsleiing ved høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har yrkesbakgrunn frå over tjue år med arbeid i reiselivsbransjen - innan hotell, restaurant og flyselskap. Vidare har ho arbeidd mykje med utvikling og leiing av destinasjonsselskap og særleg attraksjonar. Maristuen har og erfaring som konsulent i reiselivsnæringa med vekt på næringsutvikling ot tilrettelegging for små og mellomstore bedrifter.
Ho har også leia arbeidet innan berekraftig reiseliv i Noreg med fokus på å utvikle indikatorar og kriteria for reisemål. Vidare har ho hatt og har framleis styreverv frå alle deler av reiselivsnæringa. Ho har jobba på høgskulen sidan 2011 og har eit stort engasjement for å kople næringsliv og FoU, spesielt i Sogn og Fjordane. Maristuen har mastergrad i internasjonal hotell - og reiselivsleiing frå universitetet i Stavanger.