Gjennom bloggen «krohnargument» ynskjer Avdeling for samfunnsfag å skape ein arena for formidling av meiningar, refleksjonar og kunnskapsutveksling.

Føremålet er å bidra i samfunnsdebatten med kunnskap og meiningar om ulike fag, pedagogikk, leiing og samfunnslivet generelt. Og kanskje få fram ny kunnskap og dei beste argumenta.

Bloggen er nemleg oppkalla etter Henrik Krohn (1826-1879). Krohn var bergensar og sogndøl, bladmann og diktar, fyrstikkmakar og kulturbyggjar som sette spor etter seg lokalt, regionalt og nasjonalt. Plassen mellom Høgskulebygget og Fossbygget, der Avdeling for samfunnsfag har tilhald, heiter Henrik Krohn-plassen. Høgskulen ynskjer å bidra til samfunnsutviklinga med eit «krohnargument», to eller tre og vi vil gjerne ha dine meiningar og kommentarar her på bloggen.