Frå gymnas til høgskulebygg

Tale ved opninga av Bragebygget 30. januar 2019

Av Rasmus Stokke

Gratulerer med dagen til dykk alle!

Gymnasbygget i Sogndal blei bygd midt på 1960-talet. Viss ein spåmann eller kvinne den gongen på opninga hadde sagt at i januar 2019 kom det til å vere ein svær høgskule på Vestlandet med 16000 studentar og 1800 tilsette som kom til å renovere og flytte inn i bygget, så hadde nok dei frammøtte rista på hovudet og sagt at dette trudde dei ikkje noko på. Framtida er alltid vanskeleg å spå. Om nye 50 år kan Bragebygget vere sanert. Men det kan og stå fram som endå eit nytt bygg, på ein endå større Campus, knytt til eit endå større og spennande internasjonalt universitet, for eksempel. Framtida vil vise. Vi har heilt klart lagt eit viktig fundament for nye vekstår med dette bygget. Les mer

Landleg og framifrå

Tale ved opninga av Bragebygget, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet,  29. januar 2019.

Godtfolk!

Lokal historie

Læraren Lars Uglum (1892-1971), utdanna på Stord i 1915.  «Uglumen», samfunnsbyggjaren, den tolmodige krafta som i fleire tiår arbeidde for eit gymnas i Sogndal, og som lukkast i 1942.

Filologen Olav Hæreid (1919 – 1999), styrar og rektor ved Sogndal gymnas i 37 år. «Hæreiden», som helsa den første lærarskuleklassa velkomen til gymnaset i 1963. Elevane gjekk to år i Sogndal, dei to siste ved Volda lærarskule. Ordninga vara til Sogndal lærarskule opna i 1972.

«Hæreiden» sto til rors då det fylkeskommunale praktfulle gymnasbygget var ferdig i 1965. Måleriet av Lars Uglum fekk heidersplassen – i biblioteket.

Internasjonal samtid og framtid

Landskapet for høgare utdanning og forsking er i endring. Høgskular og universitet har nøkkelrollar i kunnskapssamfunnet.

«Centres of Excellence» vert dyrka. På vitug norsk heiter det: Framifrå tettstadar.

Sogndal rekrutterer ein særs høg del av studentane utanfor fylket. Med lågt folketal i det landlege Sogn og Fjordane er dette grunnleggjande  –  i 1960-åra og i 2019.

I den stadig sterkare Høgskulen på Vestlandet vil Campus Sogndal på 2020-talet ta tiltrekkingskrafta på studentar og på tilsette til nye høgder.

Bragebygget styrkjer oss på vegen.

Det  er uansett ein krevjande veg. Men det er ein veg der me byggjer menneske og samfunn. Det er ein veg me likar å gå på.

Dette er altso staden: Bragebygget, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet.

Landleg og framifrå.

Gratulerer med dagen alle saman!

Dansk i svensketida

Innlegg på lanseringseminaret for «Norsk språkhistorie» (I–IV), Nasjonalbiblioteket i Oslo 22. januar 2019 (program)

Mitt kapittel i band 4, Tidslinjer, dreiar seg om den 91 år lange unionstida med Sverige. Perioden er ei paradegrein i norsk språkhistorie, med kjendisar som Henrik Wergeland og P.A. Munch, og ikkje minst Knud Knudsen og Ivar Aasen. Eit relevant spørsmål er om det i det heile er mogleg å seie noko nytt om det gjennomforska 1800-talet i norsk språkhistorie på 80 sider.

Min spissformulerte påstand skil seg nok iallfall frå biletet mange har av unionstida i norsk språkhistorie: På desse 91 åra skjedde det knapt noko vesentleg. Les mer