Den samfunnsforplikta høgskulen

På treningsfeltet i 1970-åra oppnådde det unge fotballtalentet legende-status ved å oversjå lissepasningar frå trenaren. I 2017 må ein ny og ambisiøs høgskule ta godt vare på lissepasningar.

Av Gunnar Yttri,  representant i styret for Høgskulen på Vestlandet, forskar, Avdeling for samfunnsfag, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. Innlegget er fyrst publisert i Sogn Avis 12.juli 2017.

 

Eg vaks opp i grenda Kvam, nokre kilometer aust for Sogndalsfjøra.  I kameratflokken handla det meste om fotball. Harald  Aabrekk, det unge fotballtalentet frå Eid, vart tidleg i 1970-åra snøgt ein av dei store heltane. Talentet var udiskutabelt. Det var kraft, presisjon og tempo, og sjeldsynte tekniske detaljar.

 

Men det som verkeleg sette spor var forteljingar om dei ikkje-sportslege prestasjonane. Dei eldste i kameratflokken følgde tidt treningane til fotball-laget Sogndal. Dei rapporterte om ein unggut som kunne gjera mest utenkjelege ting på treningsfeltet. Eit døme var ei øving der ein trena på avslutningar på mål. Trenaren slo innlegg, alle spelarane avslutta etter beste evne, berre ikkje Harald Aabrekk. Om han ikkje var nøgd med innlegget let han det passera forbi, jamvel om det var opplagt for alle at han med litt innsats kunna ha nådd fram til ballen. Men kroppsspråket og blikket til 17 år gamle Harald Aabrekk var ikkje til å ta feil av. Det var trenaren som måtte ta seg kraftig i saman.

 

Kva slik åtferd betydde for trenargjerning og lag-ånd skal her vera usagt. Men i kameratflokken min var det denne miksen av formidabelt talent og anti-autoritær, bohem-aktig åtferd,  som sikra Harald Aabrekk legende-status mange år før sportslege resultat tilsa det.

 

Den nye høgskulen
Høgskulen på Vestlandet vart skipa 1.1. 2017 med Berit Rokne som rektor. Med nær 1 600 årsverk, over 16 000 studentar og eit budsjett på meir enn 1,7 milliardar kroner, talar me om ein ny og mektig samfunnsinstitusjon. Med campus i Førde, i Sogndal, på Stord, i Haugesund og i Bergen, vil Høgskulen på Vestlandet spela ei nøkkelrolle i regionen. «Høgskulen på Vestlandet skal ha eit nært samarbeid med samfunns-, arbeids- og næringsliv, og yta bidrag til regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling.» Dette er  grunnpremissar i avtalen som ligg til grunn for den nye institusjonen.

 

Sut for høgskulen
«Høgskulen og framtida i vest» var tittelen på leiarartikkelen i Sogn Avis 24. juni 2017. Leiaren uttrykkjer uro for fylket Sogn og Fjordane sin representasjon i styre og leiing, og peikar på at det er langt fram til universitetsambisjonen kan realiserast.  I det heile har leiaren vanskar med å fina positive konsekvensar av at styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane i juni 2016 valde å  gå inn i ein fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

 

Er det grunn til uro? Er det ingen positive konsekvensar i sikte? Dette kan det vera ulike vurderingar av. Både som tilsett i høgskulen og som representant i styret har eg lyst til å koma med nokre.

 

Det nye høgskulestyret
Leiarartikkelen gir inntrykk av at  Sogn og Fjordane ikkje er representert i det nye høgskulestyret. Dette stemmer ikkje. Styresamansetjinga i inneverande periode fram til sommaren 2019 er i tråd med det dei tre tidlegare høgskulane vart samde om i fusjonsavtalen i juni 2016.  To av 13 styrerepresentantar (ein fagtilsett og ein student) er frå den delen av høgskulen som er omtala som nær-region Sogn og Fjordane. Dette er på lik linje med nær-region Stord/Haugesund, medan nær-region Bergen har fire. Dei fem styreplassane som då står att består av eksterne representantar. Også her er det lagt opp til ein viss geografisk representasjon og styreleiaren er mellom dei eksterne representantane. Styreleiar er Arvid Hallén.

 

Den nye leiarskapen
Leiaren uttrykkjer også uro for at ingen av prorektorane som er tilsette våren 2017 har bakgrunn frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er ei uro eg noko på veg deler. Men mi uro har eit anna grunnlag enn bustadadresse. Høgskuleverksemda i Sogndal og i Førde har dei seinare åra  vore inne i ei fin utvikling. Resultata innanfor utdanning  og forsking var i 2016 betre enn nokon gong tidlegare. Noko av grunnlaget er at leiarskapen har vore gjennom ei gradvis fornying og modernisering. Arbeidet har i mykje vorte leia av ein ny generasjon leiarar; målmedvitne, fagleg og administrativt dyktige, med erfaring og resultat frå nasjonale arenaer,  og med evne til å byggja ulike fagmiljø i topp og breidde.

 

Når ingen frå denne nye generasjonen leiarar vert del av det nye rektoratet, kan ein gjerne stilla spørsmål ved fornufta i dei interne prosessane. Ein kan lett verta mismotig. Det er i det heile eit vanskeleg trekk ved samanslåinga at fleire leiarar som kvar for seg gjorde godt arbeid som topp-leiarar i dei tre tidlegare høgskulane, ikkje vert del av det første rektoratet. I det generelle gjeld ikkje dette berre Sogn og Fjordane, det gjeld også Bergen og Stord/Haugesund.

 

Som styremedlem i Høgskulen på Vestlandet er eg likevel nøgd med å ha tilsett tre prorektorar med solid leiarerfaring frå dei to andre fusjonspartnarane.  Frå 1. august 2017 er  Bjørg Kristin Selvik prorektor for utdanning, Gro Anita Fonnes Flaten er prorektor for forsking, og Liv Reidun Grimstvedt er prorektor for samhandling.  Prorektorane har i tillegg til fagleg ansvarsområde for heile institusjonen også eit særskilt geografisk ansvar. Bjørg Kristin Selvik er i tråd med dette prorektor i nær-region Sogn og Fjordane, Gro Anita Fonnes Flaten for nær-region Bergen og Liv Reidun Grimstvedt for nær-region Stord/Haugesund.

 

Dei fire fakulteta
Den nye toppleiinga består likevel av meir enn rektorat. Den nye høgskulen har organisert seg i fire fakultet og det er tilsett dekanar til å leia kvar av desse frå 1. august i år. Randi Skår (Førde) er dekan for fakultet for helse- og sosialfag, Anne Isabelle Robbestad (Haugesund) er dekan for fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, Geir Anton Johansen (Bergen) er dekan for fakultet for ingeniør- og naturvitskap, og Asle Holthe (Bergen) er dekan for fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

 

Det er ikkje korrekt slik det går fram av leiarartikkelen i Sogn Avis at «fylket blir ståande utan representantar i den øvste leiinga». Randi Skår har lang fartstid i den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane, som lærar, forskar og leiar, både i Sogndal og i Førde. Ho er opphavleg frå Stryn i Nordfjord.  Dei siste åra har Randi Skår vore dekan for Avdeling for helsefag i Førde. Det nye fakultetet for helse- og sosialfag som ho er fagleg og administrativ leiar for, har verksemd på alle dei fem campusane til den nye høgskulen, og er i omfang åleine større enn det Høgskulen i Sogn og Fjordane var.

 

I siste møtet før sommaren tilsette styret elles Tage Båtsvik som organisasjonsdirektør. Stillinga som økonomidirektør vert lyst ut eksternt. Det er å håpa at gode søkarar melder seg.

 

Det samfunnsforplikta universitetet
Universitetsambisjonen til Høgskulen på Vestlandet var oppe til drøfting i det same styremøtet. Drøftingane kunne ta utgangspunkt i eit solid utgreiingsarbeid utført av ei intern arbeidsgruppe med utsendingar for alle nær-regionar. Arbeidsgruppa legg vekt på at universitetet som skal byggjast må vera ein ny type universitet, eit universitet som er særskilt engasjert og byggjande i regionen. Dette samfunnsforplikta universitetet kan springa ut av Høgskulen på Vestlandet sin ambisjon om å vera ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet.

 

Både arbeidsgruppa og styret erkjenner at det må brukast tid til å byggja eit slikt universitet. Krava til utdanning, forsking og kompetanse er høge. Det ligg faktisk mykje klokskap i å bruka litt tid på universitetsambisjonen. Det eine er at dette lettare kan gi ulike fagmiljø i dei ulike nær-regionane eigarskap til ambisjonen. Det andre er at universitetsstatus ikkje er eit sjølvstendig mål, men primært er eit middel for å utvikla stadig sterkare utdanningar, forsking og formidling. Det tredje er at i alle åra fram til universitetsstatusen er nådd skal Høgskulen på Vestlandet vera ein samfunnsforplikta høgskule som set gode spor etter seg.

 

Blikket innover
Våren 2017 har Høgskulen på Vestlandet gjennomført eit omfattande arbeid for å gjennomføra fusjonen. Mykje tid og ressursar har vorte nytta til interne møte og ordskifte,  og naudsynte endringsprosessar. Jamvel med digitale hjelpemiddel har reiseverksemda vorte formidabel. Også til hausten og inn i 2018 vil det gå føre seg mykje internt prega arbeid. Ein ny høgskule skal byggjast fagleg og administrativt.

 

I slike prosessar har blikket til leiing og tilsette lett for å verta vendt innover mot eiga verksemd. For ein høgskule som har store regionale ambisjonar, ein høgskule som er skipa for å utgjera ein reell skilnad i eige omland, er dette opplagt ei utfordring. Det har vore  arbeidd intenst for at fusjonsarbeidet ikkje skal gå utover kvalitet og omfang innanfor utdanning og forsking. Resultat innanfor utdanning og forsking våren 2017 tyder på at ein langt på veg har lukkast med dette.

 

Positive resultat og lissepasningar
For mange av oss som arbeider i høgskulen er det ganske opplagt at fusjonen alt har gitt fleire positive resultat og ikkje minst eit sterkare fagleg grunnlag. Når gode fagfolk møtest til forpliktande samarbeid kan det skje fine ting. Nye samarbeid i utdanning og forsking er i kjømda. Eitt av fleire døme er at masterprogrammet i organisasjon og leiing med ansvarleg fagmiljø i Sogndal alt denne hausten også vert tilbydd i Haugesund. Fusjonen gir også auka og spanande ambisjonar. Kan til dømes fusjonen gi grunnlag for at fagmiljøa i økonomi og administrasjon dannar ein handelshøgskule på Vestlandet? Eller kan det fine idrettsfagmiljøet i Sogndal saman med kollegaer i dei to andre nær-regionane utvikla seg til ein ny idrettshøgskule på Vestlandet?

 

For å realisera dei gode måla som ligg til grunn for Høgskulen på Vestlandet, står det likevel særs mykje arbeid att. Det er uansett eit problem om arbeid, resultat, tilbod og ambisjonar ikkje vert gjort kjende i regionen ein arbeider i. Ser me til andre høgskular og universitet, finn me tidt og ofte ein leiarskap som tek aktivt del i og formar det offentlege ordskiftet.  I det vidare må Høgskulen på Vestlandet leggja langt større vekt på å kommunisera raskt, aktivt og inviterande, ikkje minst til nærings- og arbeidslivet på Vestlandet.

 

I ein slik samanheng er leiarartiklar i lokalaviser som viser sut for høgskulen for reine lissepasningar å rekna.  Slike lissepasningar må  nyttast til å gjera arbeid og resultat betre kjende i det geografiske området der høgskulen har eit særskilt ansvar for å bidra i samfunnsutviklinga og til å finna gode samarbeidspartar.

 

The Sound of Silence
Leiartikkelen i Sogn Avis har ikkje vorte kommentert offentleg av leiinga i høgskulen. Ein har late lissepasninga passera. Heller ikkje avtroppande prorektor Rasmus Stokke med kontorplass i Sogndal har funne grunn til å kommentera den suta høgskulen vert vigd på leiarplass. Det siste halve året har Stokke hatt særskilt ansvar for nær-region Sogn og Fjordane og har slik vore tettast på leiarkabalane som er lagde.

 

Teiing og stille er også ein bodskap, ein bodskap med eit uendeleg tolkingsrom. Det er eit slikt tolkingsrom ei ansvarleg leiing må ta grep om. The Sound of Silence er ein av dei vakraste songane til 60-tals duoen Simon & Garfunkel. Men den kan ikkje vera kjenningsmelodien til den samfunnsforplikta Høgskulen på Vestlandet.

 

Kven i helsike var Lars Hille?

Kven i helsike var Lars Hille?

Innleiing på fest ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, 16. juni 2017.

Kjære alle saman!

Den sjølvvalde tittelen for denne innleiinga er: «Kven i helsike var Lars Hille?»

Historikaren Gunnar Yttri har blitt bedt om å seia nokre ord på denne festen ved Høgskulen på Vestlandet her ved Campus Sogndal. Det skulle berre mangla! Alle skapelege festar burde ha ei historisk innleiing, det trur eg me alle kan vera samde om.

Sjølvsagt kan me læra mykje av historia, nesten like so mykje som me kan læra av våre eigne erfaringar i livet, anten me opplever stor lukke eller ulukke, anten me gjer feil eller me lukkast. Kanskje er det feila me lærer mest av. Klok av skade, er det noko som heiter. Brent barn skyr elden. Erfaringar kan vera nyttige både i kvardag og fest. Kva lærdommane våre bør bety i praktiske handlingar er meir avhengig av våre eigne sjølvstendige val i den einskilde særskilde situasjon. Men om me vil og er vakne nok so kan me læra av historia.

Slik elementær historie-teori låg truleg i botnen då det nye styret for Høgskulen på Vestlandet, det dåverande interimstyret, hadde sitt første møte og si første seminar-samling 15. september 2016 på Ørnen hotell, adresse  Lars Hilles gate 18 i Bergen. Vit at det sitjande høgskulestyret her fekk ei god opplæring og kan i alle fall ikkje skulda på denne om ein likevel trør feil.

Seminaret på Ørnen hotell, lokalisert i Lars Hilles gate, var ein freistnad på å overføra viktige historiske lærdommar til styremedlemmane. Ole Gunnar Søgnen, Liv Reidun Grimstvedt og Rasmus Stokke, avtroppande rektorar for høvesvis Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, hadde mykje på hjarta frå kvar frå sin høgskule. Dei hadde ein felles bodskap i den nye fusjonsplattforma for Høgskulen på Vestlandet. Dei gav oss sjølvsagt solskinshistorier alle i hop. Rune Nilsen, styreleiar for Høgskulen Søraust, fortalde nøkternt og innsiktsfullt om deira nyvunne erfaringar med ein ny-fusjonert fleir-campus høgskule med universitetsambisjonar. Det var ikkje like mykje fryd og gaman der i garden.

Ikkje minst hadde professor Jan Fridtjof Bernt, landets fremste ekspert i lover og reglar ikring universitet og høgskular, ei grundig førelesing om styret sitt ansvar og rolle. Han opna førelesinga si slik: «De trur dette er enkelt, men berre vent til eg har forklart det.» Styremedlem Gunnar Yttri noterte seg den setninga. Men han gjorde også eit anna notat frå dette første styreseminaret: «Kven i helsike var Lars Hille, denne mannen som har fått ei stor gate oppkalla etter seg sentralt i Bergen by, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet hadde sitt første møte?» Det spørsmålet får me koma tilbake til.

 

Kva var dei historiske røtene til institusjonen som drog sitt siste pust nyttårsaftan 2016?  Høgskulen i Sogn og Fjordane vart til i 1994 gjennom ei samanslåing av alle høgare utdanningsmiljø i Sogn og Fjordane: Sogndal lærarhøgskule (skipa 1972), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975), Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule (1979), Høgskuleutdanninga på Sandane (1981) og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule (1988).

Dei to eldste av fusjonspartnarane var Sogndal lærarhøgskule frå 1972 og Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1975. Eg nemner desse to særskilt fordi etableringa av dei representerer noko heilt nytt i utbygginga av høgare utdanning i Noreg etter andre verdskrigen. Både lærarskulen og distriktshøgskulen inngjekk i ein større plan med brei politisk støtte i Stortinget om å gjera høgare utdanning tilgjengeleg for større deler av dei veksande ungdomskulla, og å nytta høgare utdanning til å byggja og utvikla både bygd og by i heile landet.

Utbygging av distriktshøgskular var middelet. Universitetet i Tromsø var ein del av det same storstila tiltaket. Kjell Bondevik, med oppvekstår i Leikanger og Sogndal, var den ansvarlege statsråd i Borten-regjeringa frå 1965 – 1971, mannen som greip og  sette dei nye ideane ut i livet med enorm fart og kraft. Bondevik vart desse åra den store arkitekten, «the game changer» i norsk høgare utdanning. Dei viktigaste strukturane i universitets- og høgskulesektoren fram til dags dato vart teikna under Kjell Bondevik. Tenk litt på det neste gong du går over Kjell Bondevik-plassen ved det praktfulle Høgskulebygget i Sogndal.

I Sogn og Fjordane, det siste fylket i Noreg der det vart etablert institusjonar av det slaget me i dag reknar for høgare utdanning, var lærarskulen ein del av denne nasjonale distriktspolitiske given. Sogndal lærarskule var nr. 18 i rekka av norske lærarskular, men var den første som vart lagt til bygdemiljø etter 1945. Då Sogn og Fjordane distriktshøgskule opna dørene i Sogndal i 1975, var dette den tredje distriktshøgskulen som vart lagt til bygdemiljø, etter Volda og Bø i Telemark.

Den første historiske lærdommen å merka seg av dette er knytt til spørsmålet: Kvifor vart høgare utdanning i fylket først lagt til Sogndal? Svaret har med geografien og folketalet i Sogn og Fjordane å gjera. Sett frå fylket si side var Førde i Sunnfjord med si sentrale lokalisering nokolunde midt i fylket den beste staden for ein lærarskule. Men då spørsmålet var oppe  til si første viktige drøfting tidleg i 1960-åra var Kyrkje- og undervisningsdepartementet under statsråd Helge Sivertsen tydleg på at Sogndal var rette staden. Departementet la til grunn at ein lærarskule i Sogn og Fjordane måtte vera til for eit langt større omland enn berre sjølve fylket. Folketalet i fylket spela inn, det same gjorde den mangelen på lærarar i fleira andre strok. Departementet ringa inn Sogn og Fjordane, Nord-Hordaland, deler av Buskerud og Oppland, som til dømes Valdres og Hemsedal.

Høgare utdanning i Sogn og Fjordane var med andre ord frå første dag sett til og var fullstendig avhengig av å rekruttera ungdom frå større deler av landet enn berre eige fylke. Det eine er folketalet, det andre er at folk i Sogn og Fjordane, i mykje likt Vestlandet elles, er vane med å reisa ut for å skaffa seg utkome i livet. Store deler av ungdommen i fylket reiser ut og skaffar seg utdanning og arbeid. Det er eit godt karaktertrekk og det er viktig for heile landet. Heimfødingar byggjer først og fremst eigen heim.

Når eg sjølv held føredrag for tidlegare studentar som har «reunion» i Sogndal, so spør eg alltid kvar i landet dei kjem frå. Tru meg; Hordaland, Buskerud og Oppland er jamt svært godt representert. Og di nærare vår eiga samtid desse jubileumssamlingane ligg, di større deler av landet kjem tidlegare studentar i Sogndal frå.

Dei siste 40 åra har den rike utviklinga av samferdsla, bygging av vegar, tunnelar og bruer, bunde i hop Sogn og Fjordane og sambandslinjene utover på ein heilt ny og langt meir effektiv måte. Når Høgskulen i Sogn og Fjordane i sitt siste leveår rekrutterte langt over 60% av studentane utanfor fylket, so kan ein likevel seia at planleggarane i departementet var framsynte. Vel, lærdommen synest i alle høve å vera at Campus Sogndal og Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet, må rekruttera nasjonalt for å lukkast og å utvikla seg vidare. For å klara det må me vera fagleg sterke og me må vera synlege i marknadsføringa av høgskulen. Det er ein lærdom å ta til følgje i utviklinga av Høgskulen på Vestlandet.

 

Den andre lærdommen gjeld ikkje berre nær-region Sogn og Fjordane, men heile Høgskulen på Vestlandet. Høgskulane som 1. januar  2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige.

Det er også felles for studiestadane i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund at mange av dei kandidatane som ikkje tek seg arbeid på Vestlandet, reiser til hovudstadsområdet. På hi sida er det veldig fåe som tek tilsvarande høgare utdanning i Oslo som flyttar til Vestlandet.

So er det eit faktum at di meir landleg, eller ruralt eit område er, di meir avhengig er arbeids- og næringslivet i området av kandidatar frå den høgskulen som reelt er lokalisert i området. Alt dette har me historiske tal for frå Senter for profesjonsstudiar. For ein høgskule som tek særskilt mål av seg om å byggja og utvikla Vestlandet, og modig kombinerer dette med ein universitetsambisjon, er dette noko å bita seg merke i.

Fleire av oss som arbeider i Høgskulen på Vestlandet vil i vår ha opplevd rikeleg med arbeid og stått i innfløkte og intense prosessar. Arbeidsdagen har vorte meir samansett. Tidlegare arbeidsoppgåver har fått selskap av fusjonsarbeidet, og båe skal løysast godt og tidseffektivt. Om nokon i nær-region Bergen, Stord/Haugesund eller Sogn og Fjordane stundom kjenner seg trøytte og stundom litt mismodige, er dette forståeleg.

Hugs også på å ta omsyn til at alderen tyngjer. 1.1.2017 vart nær-region Sogn og Fjordane med eitt 133 år eldre.  Høgskulen i Sogn og Fjordane med røter tilbake til 1972 vart omtrent 45 år. Men Høgskulen på Vestlandet kan rekna sine institusjonelle røter tilbake til 1839 og lærarseminaret på Stord. Me er del av ei større, djupare og meir langstrekt historie no.

Dette syner seg i fleire saker i høgskulestyret, og heilt konkret ved at folk i og ikring styret har med seg historisk litteratur på styremøta. Sissel Johannson Brenna, representant for dei fagtilsette i Bergen, gav meg tidleg i haust boka «Hver dag er en sjelden gave…», eit festskrift til 90-årsjubileet for sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Bergen i 1998.

Bergen har altså utdanna sjukepleiarar sidan 1908. Her må  skytast inn at jordmorutdanninga reknar sine institusjonelle røter heilt attende til 1860 og Bergens Fødselsstiftelse og Jordmoderskole.  Campus Bergen kan elles rekna nokre av sine røter slik: Ingeniørutdanningane har opphav i Bergen teknisk skule frå 1875, og lærarutdanningane har opphav i  Bergen lærarskule frå 1953.

Då styret hadde møte på Stord i november 2016 kom Tage Båtsvik, vår ny-tilsette organisasjonsdirektør, berande med fleire kassar med jubileumsskrift for Høgskulen Stord/Haugesund. Kvar styremedlem fekk kvar si bok. Her står det å lesa at i Haugesund var det maritim utdanning alt i 1874 med styrmannsutdanning. På Stord var det sjukepleieutdanning frå 1977 og i Haugesund frå om lag 1980. Desse sjukepleieutdanningane vart altså til omtrent på likt med sjukepleieutdanninga i Førde som vart skipa i 1979.

 

Men lat oss avslutningsvis samla oss litt om Stord, vår eldste lærestad. Lærarutdanninga på Stord, heilt attende til 1839, har vore særs viktig for utviklinga på Vestlandet særskilt, men også for Noreg generelt. Stord har i meir enn 175 år vore vårt historiske felleseige.

«Vestlandslæraren» har vorte eit kraftfullt omgrep i norsk historieskriving. Vestlandslæraren var ein samfunnsbyggjar som gjekk inn i verv lokalt og nasjonalt i forminga av det moderne Noreg i minst eit halvt århundre frå slutten av 1800-talet. I dag ville me vel kalla dei entreprenørarar eller innovatørar. Mange av dei var avgjerande viktige for fremjinga av målsaka. I høve til folketalet var Sogn og Fjordane det fylket i Noreg som utdanna suverent flest lærarar i tidsrommet frå 1900-1950. Det var i ei tid der dei næraste lærarskulane låg anten på Stord eller i Volda. Omgrepet «Vestlandslæraren» var sterkt knytt til desse lærestadane.

Lat meg få nemna to av tallause døme der lærarar utdanna frå Stord har gjort ein varig skilnad i utdannings-Noreg.  Henrik Kaarstad (1865-1927) frå Innvik i Nordfjord tok lærarskuleeksamen på Stord i 1884. Nordfjordingen Kaarstad vart den store drivkrafta bak bygginga av Volda lærarskule frå privat lærarskule rundt 1900 fram til skulen i 1920-åra, då med statleg eigarskap, var den største lærarskulen i Skandinavia med over 400 elevar.

I Volda set ein gjerne Henrik Kaarstad i samband med ein særmerkt sterk og sunnmørsk utdanningskultur der Kaarstad inngår i ei imponerande rekkje med skriftlærde bønder, tidlege lokale trykkeri på Aarflot og vår store læremeistar, språkgeniet Ivar Aasen. Eg plar minna mine kjære kollegaer i Volda på at Henrik Kaarstad var nordfjording og berre ein del av ei omfattande, varig og kontinuerleg hjerneflukt frå Sogn og Fjordane. Frå og med 1.1. 2017 kan alle me som arbeider i Høgskulen på Vestlandet i tillegg seia: «Henriken, ja, han var utdanna hjå oss han!»

Lars Uglum (1892-1971) frå Sogndal i Sogn, tok lærarskuleeksamen ved Stord i 1915. Han vart lærar og ordførar i Sogndal, tok sentrale verv i lokale moderniseringstiltak, og var den store drivkrafta for skipinga av dei aller første gymnasklassane i Sogndal i 1942. Sogndal gymnas vart seinare det første viktige grunnlaget for å leggja dei første lærarskuleklassane til Sogndal. Det er vanskeleg å tenkja seg den moderne skule-utviklinga i Sogndal utan ein mann av Lars Uglum sitt format.
Heilt til sist; kven i helsike var Lars Hille, denne mannen som har fått ei gate i Bergen oppkalla etter seg, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet hadde sitt første møte?

I Norsk Biografisk Leksikon frå 1934 som de kan finna i det framifrå høgskulebiblioteket vårt, kan me mellom anna lesa at Lars Hille levde frå 1828 – 1898. Han var oppvaksen på storgarden Fresvik i Sogn (farsslekta kom eigentleg frå Innvik i Nordfjord). Nokre av dykk vil seia at dette var meir enn god nok grunn til å få ei gate i Bergen oppkalla etter seg.  Men det var meir ved Lars Hille enn som so.

Lars Hille var ein høgt respektert vegbyggjarar i Noreg på 1800-talet, han var vegingeniør i det «bergenske» med verkefelt i Sogn, Voss og i Hardanger. Det var likevel i arbeidet med jarnbane-utbygging han vart eit landskjent namn. Frå 1873 fekk Hille på vegne av bystyret i Bergen ansvaret for å planleggja jarnbana frå Bergen til Austlandet. Det var ei planlegging Jarnbanedirektøren i hovudstaden, «etter en flyktig befaring»,  nyleg hadde skrinlagt som teknisk umogleg.

Ingeniøren Lars Hille såg heilt annleis på saka. Arbeidsmetodikken som følgde skilde seg fullstendig frå ei «flyktig befaring». Hille vandra sjølv til fots det aktuelle land- og fjellområdet, på kryss og tvers, att og fram, dag ut og dag inn. Etter «en omfattende høifjellsbefaring» peika han med «bestemthet» ut den linja som Bergensbana seinare kom til å følgja;  over Hardangervidda mellom Hallingskarvet og Hardangerjøkulen.

Kong Haakon VII opna «det nasjonale og ingeniørtekniske storverk» Bergensbana i 1909. Dette var fleire år etter at Lars Hille var død. Men Hille var sjølv ansvarleg då den første viktige delen av bana vart bygd, den mellom Bergen og Voss, den med 51 (femtiein) tunnellar, og ei byggjetid på 8 år. Bergen-Voss var klar for opning i 1883.

Dette var Lars Hille, bondesonen frå Fresvik i Sogn, mannen som fekk ei eiga gate i Bergen by oppkalla etter seg, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet møttest til sitt første møte.  Merk dykk namnet Lars Hille, folkens, og lukka til med alt godt arbeid i bygginga av Høgskulen på Vestlandet!

 

 

 

 

 

 

 

 

Strukturreforma i historisk perspektiv. Dei nye høgskulane – akademiske springbrett eller regionale kraftverk?

Av Gunnar Yttri, forskar, Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.  Styremedlem,Høgskulen på Vestlandet

Innlegg på konferansen «Fusjoner i høyere utdanning – på bekostning av distriktene?», 29. mai 2017  ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus

 

Lat meg få byrja med å takka Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus for å stella til ein konferanse med det grunnleggjande viktige spørsmålet: Vil fusjonane i høgare utdanning i vår tid gå på kostnad av distrikta?

Eg vil i mitt innlegg dra nokre historiske linjer i dette, og ikkje minst vera oppteken av dei nye høgskulane si samfunnsbyggjande rolle. Fusjonane kan nyttast til akademisk springbrett, der høgskulane får tyngde nok til å verta universitet. Men dei nye høgskulane kan også verta regionale kraftverk som spelar ei viktigare rolle lokalt, regionalt og nasjonalt enn tidlegare.

Tillat meg å gjera ein personleg avstikkar. Det er uråd for meg å ikkje nemna Harald Grimen når eg er ved Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus. Den særmerkt fine filosofen, forfattaren og læraren Harald Grimen var frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han arbeidde ved Senter for profesjonsstudiar fram til han døydde so altfor tidleg i 2011. Frå 2009 og fram til han døydde var Harald også  professor II Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg var dekan ved avdelinga på den tida. Me var mange som lærte  av Harald, ikkje minst kor viktig det var i profesjonsutdanningane å hausta frå fleire kunnskapsområde, og kunna handtera ulike former for kunnskap. Me kjem stadig tilbake til lærdommane og  forfattarskapen til Harald Grimen når viktige spørsmål skal drøftast. Det skjer ofte.

Dei rike distrikta. Lat oss bli kvitt førestillinga av distrikta som svake eller tilbakeliggjande. Tvert om vil store delar av distrikts-Noreg kunna visa styrke – sosialt, økonomisk, kulturelt og politisk. Og du som stiller deg tvilande til dette kan lesa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, si vinterhelsing til finansbyråd i Oslo, Robert Steen. Ordførar Bjørlo med utsiktspunkt Nordfjord skildrar med tilvising til handfaste døme Noregs mest rurale fylke Sogn og Fjordane med eit næringsliv som er høg-teknologisk, kunnskapsdrive, internasjonalt og i brodden for det grøne skiftet i Noreg. Satsing på utdanning og kunnskap har skjedd gjennom mange tiår. 8 av dei 20 beste grunnskulane i Noreg ligg i Sogn og Fjordane. Ungdommen i Sogn og Fjordane ligg på topp i Noreg når det gjeld evna til å gjennomføra 12-årig skulegang.

Lat meg for eiga rekning føya til at dette skjer i eit fylke som framleis driv ein omfattande råvareproduksjon. Primærnæringane står sterkt, næringsmiddelindustri vert drive og utvikla i framhald av dette. Fiskeoppdrett og fiskeri, og industriell produksjon av aluminium og ferrosilisium har gitt landet viktige eksport-inntekter gjennom generasjonar.

Når det gjeld fornybar energi, Sogn og Fjordane er fylke nr. 2 i Noreg, etter Hordaland, i høve til produksjonsvolum for vasskraftbasert elektrisitet. Ikkje noko fylke har dei siste 10-15 åra bygd ut so mykje fornybar energi i form av nye småkraftverk.

Dette skjer i eit fylke med fjordar, fjell og isbrear, reisemål i verdsklasse, i eit fylke der reiseliv og turisme får stadig  meir heilårspreg, i spennet frå individualisert opplevingsturisme til større reiselag med cruiseskip eller buss-transport. Dette skjer i eit fylke  med 110 000 innbyggjarar, og der stadig fleire av desse er arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar.

Sogn og Fjordane og mange av distrikta treng universitet og høgskular til å utvikla dei ulike næringsgreinene, til å skapa heilt nye næringar, til å utvikla velferdssamfunnet, og i heile til å byggja og utvikla gode samfunn. Ikkje minst treng distrikta universitet og høgskular fordi lokaliseringa av desse i Noreg har vorte stadig meir bestemmande for kvar unge menneske ikkje berre utdannar seg, men også bestemmer seg for å leva resten av liva sine med arbeid, heim og familie.

 

Noreg er eit land der kunnskap i ulike former spelar ei auka rolle for samfunnsutviklinga. Eit sentralt kjenneteikn ved det moderne kunnskapssamfunnet er jo nett dette at det skjer eit skifte i økonomien: symbolske innsatsvarer vert viktigare, materielle innsatsvarer taper i verdi.

I det idealtypiske kunnskapssamfunnet vert vekst og konkurransefortrinn, innovasjon og endring, stadig meir avhengig av skaparkraft og kunnskap. Merk berre at i kunnskapssamfunnet so er det  «the human factor» – mennesket sjølv – som er omdreiingspunktet. Nøkkelen til skaparkraft og endring ligg i kunnskap og kapasiteten til einskildmenneske og samfunn til å ta i bruk kunnskap.

Merk også at dette i rikt monn opnar for ulike typar kunnskapsformer, der det føremålstenlege og meiningsfulle ikkje på nokon måte er avgrensa til målretta vitskap og vitskapleg rasjonalitet. Kunnskapar som kjem til i praktisk arbeid gjerne i utøvinga av eit fag eller handverk, gjennom erfaringar over tid og ikkje minst i samarbeid med andre, kan vera vel so viktige og samfunnsbyggjande som dei ein har lært seg i utdanning og i forsking.

Det er i denne samanhengen forstemmande og skremmande at vår eigne universitet og høgskular i sine ordskifte og utviklingsstrategiar ikkje klarar å handtera dette rike kunnskapstilfanget. To uttrykk er særleg tydlege: Med kvalitetsreforma og endringa i universitets- og høgskulelova, vart det gjort ei tett kopling mellom personleg akademisk karriere og institusjonell utvikling. Den vitskapleg tilsette fekk byggja seg sjølv til professor med publisering i internasjonale forskingsjournalar og bidrog samstundes til at eigen institusjon kunne tilby fleire mastergrader og doktorgrader, og i fleire tilfelle til at eigen institusjon kunne ta steget frå høgskule til universitet.

På hi sida har det vore klåre tendensar til at  kompetansen til førstelektorar og dosentar, kjernetroppane i dei gamle profesjonshøgskulane, har vorte systematisk devaluert. Dette trass i at regelverk/forskrift sidestilte førstelektor-kompetanse med doktorgrad, dette trass i at fleire førstelektorar og dosentar publiserte forskinga si i dei same journalar som førsteamanuensane og professorane.

Ein ting er at NOKUT-systemet ikkje krediterte institusjonar som satsa på førstelektorar og dosentar. Me har også sett korleis fleire av dei nye fusjonerte høgskulane, desse nye robuste einingane,  i ordskifte og tiltak har reservert både leiaroppgåver og utviklingsstrategiar for tilsette med doktorgrad, alt i strevet med å verta internasjonale forskingsuniversitet.

Det kunnskapsteoretiske grunnlaget for denne praksisen er i beste fall svak, som arbeidsgjevarpraksis er det sterkt klanderverdig, og sektoren har opplagt skusla vekk fine talent både innanfor fag og leiing. Konsekvensane for tilhøvet mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og det omkring-liggjande praktisk innretta norske samfunnet, kan me berre spekulera i.

What Are Universities For?  Kva føremål skal universitet- og høgskular tena? Spørsmålet må stadig stillast og svarast på.  For som samfunnsinstitusjonar er universitet og høgskular over tid avhengige av aksept frå større samfunnsgrupper. Universitet og høgskular er viktige og vert verande viktige i den grad samfunnet omkring finn noko verdifullt i desse institusjonane. Dersom Noreg med strukturreforma riggar seg med universitet og høgskular som ikkje byggjer og vidareutviklar distrikta, so har me ein universitets- og høgskulesektor som er i fullstendig utakt med sitt eige land.

I fotball-sporten snakkar ein om å passa på garderoben. Ein trenar som taper garderoben er ein trenar utan jobb. I Sogndal, som er Noregs, Europas og verdas einaste eliteserie-bygd, veit me litt om verdien av å kjenna, passa på og å vinna garderoben. Pass på garderoben, folkens!

Senter for profesjonsstudiar sine studiar svarar  på eit av dei viktigaste spørsmåla i universitets- og høgskulesektoren. Kvar tek dei utdanna kandidatane vegen og kvar kjem utdanninga til nytte?

Analysar av sambandet mellom geografisk lokalisering av høgare utdanning og faktisk geografisk rekruttering til arbeidslivet har vore mangelvare i det elles so gjennom-analyserte utdannings-Noreg.

For Vestlandet sin del stadfestar og dokumenter desse studiane det som folk i regionen gjennom åra har røynt og lenge har visst om høgare utdanning, Ungdom frå Vestlandet som tek utdanning i hovudstaden, flytter i liten grad tilbake til Vestlandet. Ungdom frå Oslo-området som tek utdanning i hovudstaden, vert verande der. Oslo-ungdom som tek utdanning utanfor Oslo, har hang til å flytta raskt heim etter siste eksamen.

Dermed er me tilbake til slutten av 1960-åra og det grunnleggjande viktige historiske omstendet at Stortinget valde å satsa på ei storstila utbygginga av distriktshøgskular i Noreg. Dette vart grunnlaget for den moderne høgskulesektoren. Universitetet i Tromsø sprang ut av det same ordskiftet. Dette var grunnlaget for at høgare utdanning i Noreg gjekk frå å vera eit gode for eit fåtal til å verta eit gode for mange. Ottosen-komiteen førebudde saka grundig i fleire år, Kjell Bondevik var ansvarleg statsråd i Borten-regjeringa frå 1965 til 1971. Det var brei semje i Stortinget om det nye tiltaket som lekk i ein meir aktiv distriktspolitikk.

Meir omstridd var spørsmålet om kvar dei nye distriktshøgskulane skulle lokaliserast. Men kyrkje- og undervisningsminister Bondevik losa vedtak gjennom i Stortinget om å lokalisera fleire av dei nye distriktshøgskulane i bygdemiljø, til bygda Volda i Møre og Romsdal i 1969, og til bygda Bø i Telemark i 1970.

Lokaliseringa av lærarskule i Sogndal i Sogn i 1972 var ein del av den same distriktspolitiske given. Sogndal lærarskule var nr. 18 i rekka av norske lærarskular, men var den første som vart lagt til bygdemiljø etter 1945. Då Sogn og Fjordane distriktshøgskule opna dørene i Sogndal i 1975, var dette den tredje distriktshøgskulen som var lagt til bygdemiljø.

Vestlandsbygdene Volda og Sogndal har mellom anna det felles at ingen av desse bygdene har storbyar innanfor eller nær fylkesgrensene. Eitt av funna i studiane frå Senter for profesjonsstudiar er at arbeids- og næringsliv i slike rurale område i fleire tiår har vore særleg avhengige av dei høgare utdanningstilboda som er lokaliserte i distriktet. Det gjeld heile spekteret av velferdsutdanningar og  næringsretta utdanningar.

Ser me på Sogn og Fjordane særskilt kan ein merka seg ei lenger historisk linje: Sogn og Fjordane er det fylket i landet som i høve til folketalet har rekruttert suverent flest ungdommar til læraryrket i Noreg. Slik er det ikkje berre på 2000-talet, slik har det vore i eit hundre år, mykje lenger enn det har vore lokalisert høgare utdanning i fylket. Men fram til ein fekk eiga lærarutdanning lokalisert til fylket i 1972, var Sogn og Fjordane fylket i Sør-Noreg som hadde størst mangel på kvalifiserte lærarar. Lokalisering av høgare utdanning gjorde og gjer ein skilnad for den som vil byggja samfunn.

Høgskulane som 1. januar 2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige. Høgskolen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane var alle i si verketid frå 1994 til 2016 kjenneteikna av å forsyna eige fylke og Vestlandet med arbeidskraft.

Det store fleirtalet av kandidatar frå desse høgskulane kom i arbeid på Vestlandet. Det gjeld grunnskule- og barnehagelærarar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar. Og det gjeld heile spekteret av næringsorienterte utdanningar med økonomar og ingeniørar i frontlinja. Denne verdifulle arven fører den nye Høgskulen på Vestlandet vidare.

Me kan sjølvsagt gle oss over nasjonale satsingar som gir framifrå spissa fagmiljø, og over at einskilde institusjonar som Handelshøgskulen BI og Noregs handelshøgskule gjer det brukbart på internasjonale rangeringar. Men for Vestlandet og distrikta er det liten varme i at fagmiljøa er internasjonalt framifrå om kandidatane dei utdannar ikkje er tilgjengelege.

  1. mars i år melde Bergens Tidende at berre seks prosent av studentane ved Noregs Handelshøgskule sikta mot ei karriere i Bergen etter fullførte studiar. Resten av Vestlandet eller distrikta elles var ikkje nemnt.

For Handelshøgskulen BI sitt vedkommande kan ikkje ein gong det omstendet at institusjonen vert leia av sogningen  Inge Jan Henjesand, utdanna ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule midt på 1980-talet, endra på det faktum at BI-kandidatar ikkje gir grunnlag for å byggja distrikta.

 

Eit viktig vilkår for at Høgskulen på Vestlandet skal lukkast er at styre, leiing og tilsette er tru mot den avtala som ligg til grunn for samanslåinga. Det er ei særs god avtale, forhandla fram og vedteken av dei tre tidlegare høgskulane, stadfesta i kongeleg resolusjon.

Det er ein avtale som kombinerer ambisjonen om å verta universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil med høgare regionale mål. Høgskulen på Vestlandet skal ta betre vare på den regionale rolla enn det dei tre høgskulane makta kvar for seg. Høgskulen på Vestlandet skal ikkje berre vera eit springbrett for universitetsstatus, men har som mål å vera eit regionalt kraftverk på Vestlandet.

Sentrum-periferi problematikken gjeld sjølvsagt ikkje berre tilhøvet mellom hovudstaden og andre landsdeler. Den gjeld også innanfor det geografiske området der Høgskulen på Vestlandet er lokalisert. Bergen by har eit langt sterkare folketalsgrunnlag, ei heilt anna tiltrekkingskraft på unge menneske og har ein annan dynamikk enn mindre byar og bygdesamfunn. Det vert slik viktig at den nye institusjonen, med styre, leiing og tilsette, i all si ferd er medvitne om den store samfunnsrolla Høgskulen på Vestlandet har aksla. Det fordrar stor klokskap og kraft og vilje til endring.

Dette fordrar fagleg og strategisk satsing i tre nær-regionar og på fem ulike campus. Det vil seia at leiinga i høgskulen må vera på plass i Stord/Haugesund, i Bergen og i Sogn og Fjordane, og ha inngåande kunnskapar om utfordringar og moglegheiter i den einskilde regionen, og samarbeida godt med arbeids- og næringslivet der. Leiinga må vera kompetent, aktiv og nær.

På fem ulike campus, i Førde, i Haugesund, på Stord, i Bergen og i Sogndal, må fusjonen styrka fagmiljøa og studiegrunnlaget. Som me har lært her i dag: lokalisering av høgare utdanning gjer ein skilnad.

Universitetet som skal springa ut av Høgskulen på Vestlandet må slik ikkje berre løfta Vestlandet, men også verta sterkt forma av og få kjenneteikn frå dei rike ressursane på Vestlandet, naturlege og menneskeskapte. Truleg må det og kan det verta eit universitet av ein type Noreg tidlegare ikkje har sett maken til.