Innlegg

Medan me ventar på valet

Klar for valnatta? Det kan ta si tid før resultatet er klart, så i ventetida er det her litt lesestoff om stortingsvala i Sogn og Fjordane etter krigen.

Valdeltakinga

Sidan 1980-åra har valdeltakinga i Noreg gått ned. Her er det likevel ei interessant utvikling om ein ser Sogn og Fjordane i høve til landssnittet og andre fylke. I 1980-åra låg Sogn og Fjordane lågt. Fylket var godt under landssnittet i valdeltaking og låg heilt nede på 16–17-plass av dei 19 fylka både i 1981-, 1985- og 1989-vala. Så hende det noko. I 1993-valet, som var dominert av EU-saka, gjekk valdeltakinga kraftig ned i heile landet, men mindre ned i Sogn og Fjordane. I vala etter det har Sogn og Fjordane stort sett hatt ei valdeltaking på landssnittet, litt under i 2009-valet og litt over i 2013-valet. Sogn og Fjordane var i 2013 på sjetteplass av fylka, så det skal bli interessant å sjå om årets val har mobilisert ekstra mykje i fylket vårt. Det er elles Akershus, Hordaland, Rogaland og Oslo som jamt ligg i toppen i valdeltaking, altså fylka med dei tettast urbaniserte områda.

Partistyrken

I 1945 var det to store parti i Sogn og Fjordane – Venstre og Arbeidarpartiet med drygt 30 prosent kvar. Venstre var det dominerande partiet i fylket i fyrste halvdel av 1900-talet, men vart gjennom mellomkrigstida i aukande grad utfordra av Arbeidarpartiet og Bondepartiet. Det store fallet til Venstre frå 1949 til 1953 kan nok primært forklarast med at Kristeleg Folkeparti då stilte liste og forsynte seg grovt med Venstre-veljarar. Bondepartiet hadde teke sin jafs av Venstre alt i mellomkrigstida. Sidan 1973 har Venstre lege kring 5 prosent i fylket med det gode 1997-valet (9 %, men ikkje mandat) som unntaket. Ser ein vekk frå 1997 var 2013-valet til Venstre elles det beste for partiet i fylket sidan 1969.

I 1945 var Venstre så vidt større enn Arbeidarpartiet, men Ap har sidan 1949 vore det største partiet i fylket i stortingsval. I år tyder meiningsmålingane på at Senterpartiet blir det største partiet i fylket, og det er å så fall fyrste gong i eit stortingsval. Ap har med eit par markante unntak lege på 30–35 prosent i fylket etter krigen. Fyrste unntaket var EF-valet i 1973, som skipla mangt og mykje i norsk politikk. I dette valet tapte båe dei to store ja-partia Ap og Høgre mykje, det relativt nye Sosialistisk Venstreparti gjorde eit svært godt val, og Sp gjorde eit av sine beste val.

Ein kunne kanskje tru at EU-valet i 1993 oppførte seg mykje likt, men det gjorde det ikkje. Ap med samferdsleminister Kjell Opseth på topp heldt stand og gjekk litt fram. Valdeltakinga var derimot uvanleg låg, så mange av nei-veljarane til Ap sat nok heime. 1993-valet vart elles eit brakval for nei-partiet Sp, som fekk inn to representantar slik partiet òg hadde gjort i 1973.

Den nedturen Ap ikkje fekk i fylket i 1993, kom i 2001 etter Stoltenberg I-regjeringa som gjorde etterkrigstidas dårlegaste val for Ap. Her i fylket gjorde Sosialistisk Venstreparti sitt sterkaste val og fekk Heidi Grande Røys på tinget som den einaset SV-aren frå Sogn og Fjordane så langt i soga. 2001-valet enda som me veit med regjeringsskifte og trepartiregjeringa Bondevik II.

Den sterkaste tendensen dei siste 20 åra er elles at Framstegspartiet er etablert som eit mellomstort parti i Sogn og Fjordane. Ved to val (2005 og 2009) var partiet større enn Høgre og fekk ein stortingsrepresentant (Åge Starheim) før Høgre kom tilbake i 2013-valet (Bjørn Lødemel).

Mandatfordelinga

Sogn og Fjordane hadde fem representantar på Stortinget frå tidleg på 1800-talet til 2013. Den nye utrekninga basert på folketal og areal gjorde at fylket i 2013 miste eit mandat. Frå 2005-valet vart eitt av distriktsmandata i Sogn og Fjordane, som i alle andre fylke, gjort om til utjamningsmandat. I 2005 og 2013 gjekk det til Venstre, i 2009 til Høgre.

Som ein ser av diagrammet, var Sogn og Fjordane-normalen lenge to mandat til Ap, eitt til Sp, eitt til Krf og eitt til Venstre eller Høgre. Slik er det ikkje lenger. Krf har mista klyppekortet på sitt mandat og kan i beste fall vona på eit utjamningsmandat, og Ap er i år, for andre valet på rad, langt unna to mandat. Etter at Høgre i 2013-valet tok tilbake veljarane som partiet i eit par val hadde lånt vekk til Framstegspartiet, er det i praksis berre Ap, Sp og Høgre som tevlar om dei tre distriktsmandata i fylket. Dei andre partia er berre med i tevlinga om utjamningsmandatet.

Veteranane

Til slutt – kven har sete lengst på tinget for Sogn og Fjordane etter krigen?

Kongen med seks periodar er Einar Magnus Stavang, Arbeidarpartiet (representant 1945–1971)

Deretter, med fem periodar, kjem ingen ringare enn Kjell Opseth, Arbeidarpartiet (1981–2001)

Fire periodar:

  • Anders J. Bøyum, Venstre (1945–1961)
  • John Austrheim, Senterpartiet (1961–1977)
  • Lars Gunnar Lie, Kristeleg Folkeparti (1985–2001)

Meiningsmålingane tyder på at to til på måndag vil koma på lista over dei med fire periodar: Ingrid Heggø (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp).

Kjelder 

Røystetal og mandatfordeling: pollofpolls.no.

Valdeltaking: ssb.no.