Frå gymnas til høgskulebygg

Tale ved opninga av Bragebygget 30. januar 2019

Av Rasmus Stokke

Gratulerer med dagen til dykk alle!

Gymnasbygget i Sogndal blei bygd midt på 1960-talet. Viss ein spåmann eller kvinne den gongen på opninga hadde sagt at i januar 2019 kom det til å vere ein svær høgskule på Vestlandet med 16000 studentar og 1800 tilsette som kom til å renovere og flytte inn i bygget, så hadde nok dei frammøtte rista på hovudet og sagt at dette trudde dei ikkje noko på. Framtida er alltid vanskeleg å spå. Om nye 50 år kan Bragebygget vere sanert. Men det kan og stå fram som endå eit nytt bygg, på ein endå større Campus, knytt til eit endå større og spennande internasjonalt universitet, for eksempel. Framtida vil vise. Vi har heilt klart lagt eit viktig fundament for nye vekstår med dette bygget.

Ein del av dykk tilsette og studentar har opplevd å vere elevar ved gymnaset, og har eit spesielt forhold til bygget. Lærarutdanninga leigde klasserom på gymnaset på 1970-talet. Eg hugsar og at vi som jobba på lærarutdanninga måtte gå opp i gymnasbyggkjellaren viss vi skulle kopiere den gongen, for dei var først ute å skaffe seg kopimaskin. Gymnaset var og dei første til å kjøpe pc-ar. Vi på lærarutdanninga som ville låne datamaskinene, kjøpte diskettar som vi tok med oss når vi brukte maskinene.  Gymnaset og fylkeskommunen var rett og slett forbi staten og høgskulen i pedagogisk-teknologisk utvikling på Fosshaugane på den tida.

Rundt 2000/2001 skjedde det spennande ting. Leigeavtalane høgskulen hadde i sentrum gjekk mot slutten. Høgskulen hadde jobba med eigne utvidingsplaner i Lines-området.  Men no blei det lansert mykje større planer. Fylkeskommunen hadde begynt å drøfte utbyggingar av dei vidaregåande skulane, inkludert i Sogndal. Sogndal Fotball hadde fått press på seg frå Fotballforbundet for utbygging av stadionfasilitetane viss dei skulle spele elitekampar. Så når vår rektor Johs Thaule og vår direktør Hans Jørgen Binningsbø sette seg ned og diskuterte med toppleiarane i fylkeskommunen, med toppleiarane i Sogndal fotball, og med ordførar og rådmann i Sogndal kommune våren 2001, så avteikna det seg at å gjere ei samordna utbygging mellom alle aktørane på Fosshaugane, kunne vere veldig fornuftig. For fylkeskommunen kunne det vere interessant å samle bygningsmassen på andre sida av stadion, på yrkeskulesida, og for høgskulen på denne sida. Gymnasbygget blei då ein joker for å få det til. Vegen vart brokete. Men det er faktisk blitt akkurat slik desse strategane tenkte, tilbake i 2001.

Etter 2001 har alt skjedd i ordna rekkjefølgje: Statsbygg utvikla ei total arealplanramme for ein samla høgskule på Fosshaugane. Dette fekk høgskulen inn i den statlege utbyggingskøen, eit klokt trekk. Men høgskulen fekk klare tilbakemeldingar på at det ikkje var realisme i å få alt på ein gong. Då blei det utvikla ein 3-trinnsplan, settla i 2004. Første steg var ei utbygging av Stadionbygget i regi av Sogndal Fotball for å få flytta naturfag opp frå sentrum, realisert i 2006. Trinn to var eit eige sentralbygg. Det kom i form av Høgskulebygget i 2012. Trinn tre i planen var å overta og rehabilitere gymnasbygget.

For å få det til fekk rektor Thaule forhandla fram ein intensjonsavtale rundt 2006/2007 med fylkesordføraren om at høgskulen skulle få kjøpe bygget. Men det var ei stor nøtt som låg att, og som blei liggande uløyst. Fylkeskommunen hadde forventingar om at staten både kunne og ville betale ein høg pris for bygget. Høgskulen rekna med at det ville løyse seg, og det blei teikna og jobba med romplaner.

Då Høgskulebygget kom i 2012, greidde høgskulen å flytte alle utdanningane opp frå sentrum til Fosshaugane. Men lærarutdanningane heldt framleis til i brakkene frå 70 – talet, og leigeavtalane i Svingen gjekk ut. No begynte rektor Åse Løkeland å trykke på fylkeskommunen igjen, for å setje i verk  gymnasbyggkjøpet. Men det viste seg ikkje mogeleg å få til ein avtale, og til  ein pris som ein kunne einast om. Ein gong rundt 2012 gav høgskulen heilt opp å kjøpe bygget. Høgskulen gjekk då inn i ein planleggingsprosess med Sogndal Fotball om eit bygg i staden for, akkurat der Innovasjonsbygget står no. Avtalen mellom Høgskulen og Sogndal Fotball var i realiteten skriven. Det var berre månader att til byggestart, det stod berre på nokre sluttdetaljar før signering.  Då kom fylkeskommunen på bana att og ønskte å selje bygget, og til ein pris som var OK. Planar måtte kastast om. Men i dag kan ein vel seie at sluttresultatet blei veldig bra med begge bygga på plass.

Og det kan eg seie: Fordi vi har venta så lenge på Bragebygget får vi og eit meir påkosta og byggteknisk betre bygg enn vi ville fått viss det hadde kome i form at dei teikningane som blei laga for 10-12 år sidan. Det er og lagt vekt på at det skal bli eit bygg studentane skal stortrivast i, og utanfor når uteområdet er ferdig til sommaren.

Statsbygg kjøpte bygget på vegne av høgskulen i 2014. Vi fekk og ekstra husleigetilskot inn på statsbudsjettet. Vi såg då kor verdifullt det er å ha god støtte frå lokale stortingsrepresentantar som kjenner høgskulen sin historikk. I oktober 2015 fekk Statsbygg oppdraget å starte planlegginga av oppgraderinga. Då starta ein intensiv teikneperiode der dekan Wiggo Hustad og kompani pryda veggane nede i 2. etasjen i gamle avdelings- administrasjonen med byggteikningar. Regjeringsgodkjenninga kom i mars 2017. I mai 17 flytta Sogndal vidaregåande ut, og ombygginga kunne starte.

Eg er imponert over profesjonaliteten til entreprenør og byggherre og arkitektar. Det er mykje meir teknisk krevjande å rehabilitere eit bygg enn å byggje eit nytt. Undervegs har dei måtta minne oss på at dette ikkje er eit nybygg, det er eit rehabilitert bygg med dei avgrensingane det fører med seg. Men eg må seie at bygget har vorte mykje meir nytt enn eg hadde sett føre meg før byggjeprosessen starta.

Så gratulerer til alle dykk no som tek bygget i bruk! Gratulerer til ein vellukka strategi for nesten 20 år sidan som er ført til endes. Og om ein sirkel er slutta, som den kanskje er, lat det vere ein inspirasjon til å tenkje nye djerve tankar for utviklinga av campus!